Arealbarometer for Rogaland

Norsk institutt for skog og landskap har utvikla eit eige arealbarometer for Rogaland fylke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.08.2014

Arealbarometeret viser arealressursane i fylket. I tillegg blir det synleggjort kva areala blir brukt til, og kva strukturendringar som skjer i landbruket. Arealbarometeret ser lokale arealressursar i eit nasjonalt og globalt lys.

Det nye arealbarometeret for Rogaland viser at jordbruksarealet utgjer 1 071 200 dekar. Dette utgjer ein åttandedel av landarealet i fylket og tilsvarar arealet på om lag 150 000 fotballbanar. I Norge er det totalt 11 282 000 dekar jordbruksareal, og i underkant av ti prosent av dette er i Rogaland. Rogaland er blant dei tre fylka som har mest jordbruksareal i dekar, etter Hedmark og Oppland.

I Rogaland er det grovfôr som er den dominerande produksjonen. På om lag 51 prosent av jordbruksarealet i drift er det grovfôr, medan 44 prosent blir brukt til innmarksbeite. Mange av innmarksbeita i Rogaland har svært høg produksjonsevne og desse areala er viktige for husdyrhald og kjøttproduksjon. Arealet til grovfôrproduksjon og innmarksbeite har auka noko dei siste 10 åra. Det har også vore ein auke i areal til grønsaksproduksjon.

Sjå arealbarometeret for Rogaland og pressemelding frå Skog og Landskap i lenkjene til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.