Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 12.03.2024

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir


Publisert 31.05.2018

Info om trafikktryggleik på fleire språk

Informasjon om elevar sin trafikktryggleik er nå tilgjengeleg på fleire språk. Det er Trygg Trafikk som har utvikla gratis læringsressursar. Ressursane finn du på arabisk, tigrinja, pashto, dari, kurmandji, somali og engelsk.


Publisert 18.04.2018

Det spesialpedagogiske tilbodet til barn og unge er for dårleg

Mange barn og unge får hjelp altfor seint, og annankvar elev med spesialundervisning får det av ufaglærte. Dette viser ein ny rapport om spesialundervisning som ei ekspertgruppe, leia av Thomas Nordahl, har lagt fram. Ekspertgruppa sine forslag til tiltak skal på høyring. Høyringsfristen er 15. august 2018


Publisert 21.02.2018

Treng skolen din fleire lærarar?

Frå og med skoleåret 2018-19 blir ein ny norm for lærartettleik innført. Det skal vere 16 elevar per lærar på 1-4.trinn og 21 på 5.-7.trinn og 8.-10 .trinn. Utdanningsdirektoratet har laga ein kalkulator som bereknar kor mange nye lærarar ein treng.


Publisert 25.01.2018

Driftstilskott i samband med ny godkjenning av barnehage

Når ein barnehage endrar lokalane så mykje at det krev ny godkjenning, må barnehagen søkje ny godkjenning slik ein ny barnehage må. Kommunen er med det ikkje pliktige til å gi driftstilskott.

 


Publisert 04.09.2017

Informasjon om skolemiljø

Utdanningsdirektoratet har utarbeidd informasjon til elevar og foreldre om nye reglar for eit trygt og godt skolemiljø. 


Publisert 01.09.2017

Nasjonale prøvar i rekning - eit nyttig verktøy?

Fylkesmannen i Rogaland arrangerer realfagskonferansen "Tett på realfag" den 23.- 24 oktober 2017. Eit av innlegga på dag 2 er ved Matematikksenteret som gir tips og idèar til korleis ein kan bruke resultata frå den nasjonale prøva i rekning til vidare læringsarbeid i klasserommet. Det er mogleg å melde seg på berre dag 2. Konferansen er gratis.

  • Gå til program og påmelding

Publisert 21.08.2017

Ny nettstad om symjeopplæringa

På nettstaden svømmedyktig.no finn du tips og idèar til symjeopplæringa i skolen. Her finn du også aktuelle kurs og samlingar.


Publisert 15.08.2017 av Administrator

Kva skal skolen gjere for å sikre elevar eit trygt og godt skolemiljø

Frå 1. august gjeld nye reglar for elevane sin rett til eit trygt og godt skolemiljø. Les om kva det nye regelverket betyr og korleis elevar kan melde frå til Fylkesmannen.


Publisert 07.08.2017

Hjertesone - trygg skoleveg ved skolestart

Hjertesone handlar om å få flest mogleg til å gå og sykle trygt til skolen, og skape eit bilfritt miljø rundt skolen. Målet er sikre skolevegar, betre helse og miljø. 

 


Publisert 03.08.2017

Organisering av elevane - rettleiar

Det er utarbeida ein rettleiar som både omtalar forsking og erfaring knytt til organisering av elevane, og som gjev ein del nyttige avklaringar av regelverket for å gje skolen eit godt grunnlag for å utøva fagleg skjønn.