Visste du at Noreg er eit av dei landa i Europa som har størst variasjon av våtmarker? Våtmarkene er ein av dei mest trua naturtypane globalt – men dei som er i dårleg stand kan restaurerast.
02.02.2023
Det kan fellast inntil fire gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.
31.01.2023
Lakserogn til reetablering av laksebestandar i Drivaregionen er no på plass i Driva kultiveringsanlegg på Vermøy i Sunndal.
27.01.2023
Betonmast Røsand får Klimasnuprisen 2022. Dei er med på å heve miljøkrav-standarden i byggebransjen.
10.01.2023
Gomalandet SFO er ein av tre kandidatar som kan vinne Klimasnuprisen 2022. Kvar veke reddar dei store mengder frukt og grønt som elles hadde blitt kasta frå butikken.
05.01.2023
Rett før jul besøkte statsforvaltar Else-May Norderhus den siste av dei tre kandidatane som kan vinne Klimasnuprisen 2022: Møre og Romsdal fylkeskommune, og deira elferjer.
Då Betonmast Røsand AS bygde Kårvåg barneskule på Averøy vart avfallet frå byggeplassen meir enn halvvert frå det som er vanleg.
Fem område i Møre og Romsdal vert naturreservat. Slik ønsker regjeringa å sikre at store naturverdiar blir tatt vare på for kommande generasjonar.
16.12.2022
Frist for å søkje om statlege tilskot til naturforvaltingstiltak er 15. januar 2023 for dei fleste av tilskotsordningane. Søknad sendast inn via Miljødirektoratets søknadssenter.
15.12.2022
Ein SFO som reduserer matsvinn, ein entreprenør som reduserer avfall i sin byggverksemd og fylkeskommunen som innfører batteridrivne ferjer kan vinne Klimasnuprisen 2022.
12.12.2022