Studentstipend til smart bruk av tre i Møre og Romsdal

Tømmer frå Vestlandet. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Christina Qvam Heggertveit

Er du student og planlegg å skrive ei oppgåve om bruk av tre? Vel du ei oppgåve i samarbeid med trebaserte næringar i Møre og Romsdal, kan du søke om kr 10  000 frå Tredrivar-prosjektet i Møre og Romsdal.

Publisert 13.11.2023

Møre og Romsdal har ei lang historie med trebaserte næringar. Her har vi tradisjonar for produksjon av møblar, skip, dører, trappar, vindauge og mykje meir, alt saman av tre. I dag har vi eit godt regionalt næringsliv basert på råstoff frå skog.

Oppmuntrar til samarbeid

Tredrivaren sitt stipend skal oppmuntre til samarbeid mellom studentar, utdanningsinstitusjonar og trebaserte næringar. Målet er å lage koplingar som på sikt gir kompetanseheving, innovasjon og rekruttering. Innovasjon og nyskaping spelar ei viktig rolle for bruk av tre i framtida. Det er og viktig for trebaserte næringar sin posisjon i sirkulærøkonomien.

Ordninga er open for alle studentar med fag som er relevante for trevare-, treforedling- og byggebransjen i Møre og Romsdal. Kravet er at studentane skal skrive ei studiepoenggjevande oppgåve om ei problemstilling frå ei verksemd i Møre og Romsdal, om verdiskaping og bruk av tre.

Samarbeidet er i seg sjølv eit mål. Det kan gje kompetanseheving i verksemdene, stimulere til innovasjon, legge til rette for rekruttering til bransjen og regionen, og gi motivasjon til studentar innan relevante fagområde.

Kva:

Stipendet er på kr 10 000 per oppgåve. Det er tenkt å kunne dekke reise og opphald for studentar ved bedriftsbesøk i samband med oppgåva.

Kven kan søke:

Studentar kan søke saman med verksemder i Møre og Romsdal. Studentane skal høyre til eit studieprogram på bachelor- eller masternivå innan eit relevant fagområde. Prosjektideen skal vere godkjent av ein fagleg rettleiar, oppgåva må gi studiepoeng og kunne inngå i ein grad.

Med relevant fagområde tenker vi i vid forstand, og gjerne kopla mot dei tre dimensjonane ved berekraft Den tredelte bunnlinje – Store norske leksikon (snl.no) Bærekraftig utvikling (fn.no).

Korleis:

Send inn søknad til Tredriveren, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Løpande frist. Søknaden skal beskrive problemstillinga og ha signatur frå student, rettleiar og verksemd.

Kontaktperson for ordninga:

Fylkesskogmeister Christina Qvam Heggertveit, prosjektleiar for «Tredrivaren i Møre og Romsdal»