Kommuneøkonomi

Oppdatert 08.04.2024

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


Publisert 13.05.2015

Kommuneproposisjonen 2016

Regjeringa signaliserar økonomiske rammer for neste års kommunebudsjett og kva endringar innbyggarane kan vente i tenestetilbodet frå kommunane.


Publisert 13.05.2015

Revidert nasjonalbudsjett 2015

Regjeringa la fram revidert nasjonalbudsjett for 2015 med melding om styrking av kommuneøkonomien med 1,1 milliardar kroner med meir.


Publisert 05.03.2015

Rapport om gjeld i kommunane frå riksrevisjonen

Riksrevisjonen har gjennomført ei undersøking av gjeldsbøra i kommunane, og riksrevisor Per-Kristian Foss seier at det auka gjeldsnivået gir grunn til uro i mange kommunar.


Publisert 23.02.2015

Volda kommune utmeldt av Robek

Volda kommune har vunne att økonomisk balanse og treng ikkje utvida statleg kontroll med økonomiske disposisjonar.


Publisert 11.12.2014

Endringar i rammetilskotet

Regjeringa sitt budsjettforslag og stortingshandsaminga av framlegget har ført til endringar i rammetilskotet til kommunane.


Publisert 10.10.2014

Statsbusjettet - Vidare saksgang

Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjettet er ute på høyring. Når Kommunal- og forvaltningskomiteen skal gi si innstilling til Stortinget er enno ikkje fastsatt, men informasjon kjem her så snart det er klart.


Publisert 08.10.2014

Skjønnstildelinga i statsbudsjettet

Fylkesmannen har tildelt 40 millionar kroner til kommunane i Møre og Romsdal.


Publisert 08.10.2014

Statsbudsjettet 2015

Regjeringa har lagt fram forslag til statsbudsjett for 2015.


Publisert 26.05.2014

Rekneskap 2013

Kommunane skal ha ferdighandsama rekneskapa for 2013 innan juli. Frist for å sende rekneskapet til Fylkesmannen er 1. august.


Publisert 26.01.2014

Volda kommune inn i Robek

Volda kommune er meldt inn i Robek etter at årsbudsjettet for 2014 vart vedtatt i ubalanse.