Kommunal styring

Fylkesmannen skal kontrollere og rettleie kommunane om rettsreglar som gjeld kommunale organ. Dette gjeld både generelle og spesifikke juridiske problemstillingar og spørsmål knytte til økonomireglane. Fylkesmannen skal dessutan formidle signal frå departementa til kommunane. 


26.10.2020

Temakart - kommunedata

Fylkesmannen har utarbeidd eit kart med lenker til relevant statistikk over kommunedata frå ulike offentlege etatar.  Det er no heile 14 tema som er knytt  direkte inn mot enkeltkommunar.

16.10.2020

Satsar på berekraft og helse

Helseplattformar, arbeid for berekraftsfylket og ungt entreprenørskap er kommunale tiltak som Fylkesmannen i Møre og Romsdal deler ut ekstra midlar til i 2021.  

14.10.2020

Fylkesløft (prosjektskjønn) tildeling 2021

Målet med Fylkesløft er å gi kommunane støtte til å prøve ut nye løysingar i si verksemd. Prosjektets mål må vere å styrke kommunen sin rolle som tenesteprodusent, myndigheitsutøvar, lokaldemokratisk arena og samfunnsutviklar, slik at oppgåvene blir løyst betre.

07.10.2020

Fylkesvis skjønnsramme 2021 - Møre og Romsdal

Fylkesmannen tildeler årleg skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal. For 2021 skal 54 millionar fordelast.

07.10.2020

Statsbudsjettet 2021 - kommuneopplegget

I dag la regjeringa fram statsbudsjettet for 2021. Fylkesmanen vil her gi eit samandrag som kan vere nyttig for kommunane i samband med budsjettarbeidet i haust.

07.10.2020

Midlar til vedlikehald og rehabilitering i kommunane

Tilskot på 2,5 milliardar kroner skal gå til vedlikehald og rehabilitering av bygg og anlegg i kommunane. Av desse er 120,3 millionar utbetalt til kommunane i Møre og Romsdal. 

16.07.2020

Utviklinga i kommuneøkonomien for 2019

Fylkesmannen har laga ein rapport som viser hovudtrekka i utviklinga av kommuneøkonomien for 2019 i Møre og Romsdal. Rapporten inneheld eit utval av indikatorar som viser den økonomiske situasjonen og utviklinga for kommunane, både enkeltvis og samla.

05.06.2020

Fylkesmannen gir 3 millionar i skjønnsmidlar til digitaliseringsprosjekt

Kommunane i Møre og Romsdal går no saman i ei felles digitaliseringssatsing for å betre tenestetilbodet.

27.05.2020

Fordeling av ekstra skjønnsmidlar - førebygging av flaumskadar

I følgje NVE er det stor og aukande fare for stor vårflaum som kan medføre alvorlege skadar både nord og sør i landet. Kommunane er ansvarlege for å førebygge alvorleg skade på kritisk kommunal infrastruktur i samband med flaum. Det er derfor viktig at alle berørte kommunar gjer nødvendige førebuingar for å førebygge flaumskadar.

14.05.2020

Tilsyn med kommunane er utsett

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine planlagde tilsyn med kommunane er utsett og vil bli flytta i tid. Ein del tilsyn vil også bli avlyst.

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel