Statsforvaltaren har gitt departementet råd i to saker om grensejustering

Kart over Misund og Liabygda
Statsforvaltaren har mottatt søknadar om greie ut ei grensejustering av Midsund frå Molde til Aukra og Liabygda frå Stranda til Fjord. Foto: Utklipp av kart frå breva til departementet.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal rår til å avslå søknaden om å greie ut grensejustering av Midsund frå Molde kommune til Aukra kommune. Grensejustering av Liabygda frå Stranda kommune til Fjord kommune rår Statsforvaltaren til å utgreie.

Publisert 19.03.2024

Statsforvaltaren har sendt Kommunal- og Distriktsdepartementet søknadane om grensejustering i fylket.  

Midsund – rår til avslag

Statsforvaltaren har fått inn søknad frå 50 innbyggarar i Midsund. Dei ber om ei utgreiing av grensejustering frå Molde kommune til Aukra kommune, for det som tidlegare utgjorde Midsund kommune.

Aukra kommunestyre ser positive på ei utgreiing om grensejustering når samferdselsløysing mellom Gossen og Otrøya er på plass. Molde kommune støtter ikkje ei utgreiing av grensejustering.

– Ut ifrå geografi, dagens infrastruktur og kommunikasjonsforhold, vurderer vi at vi ikkje kan seie at Midsund utgjer ein meir naturleg del av Aukra kommune enn av Molde kommune, seier assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste.

Ho seier at dei også legg ein viss vekt på at det står eit mindre tal av innbyggarar bak søknadane. Dei 50 søkarane utgjer om lag 2 prosent av alle innbyggarane i Midsund.

Statsforvaltaren rår derfor departementet til å avslå søknaden om utgreiing.

Liabygda – rår til utgreiing

Liabygda Vel har søkt om at Liabygda blir grensejustert frå Stranda kommune til Fjord kommune.

– Søkarane har vist til relevante forhold i sin søknad. Vi legg vekt på desse i vår vurdering. Vi tar også omsyn til kommunane sine høyringsuttaler. Fjord kommune er positive til at det blir sett i gong ei utgreiing av grensejustering av Liabygda, seier Brøste.

Stranda kommune ønsker å vente med ei utgreiing av grensejustering. Dei vil først greie ut eit utvida samarbeid mellom kommunane Stranda, Fjord og Sykkylven.

– Vi er positive til samarbeid mellom kommunane. Ei eventuell grensejustering vil ikkje vere noko hinder for eit tettare interkommunalt samarbeid mellom Stranda, Fjord og Sykkylven, seier Brøste.

Statsforvaltaren rår departementet til at søknaden om grensejustering av Liabygda blir greidd ut.