Kommunal fornying

Noreg har ein offentleg sektor som sikrar velferd, omsorg, helse og utdanning, og som skal gi alle innbyggjarane gode tenester, valfridom og medbestemming. Fornying av offentleg sektor skal ha som mål å oppnå meir velferd og mindre administrasjon, meir lokal fridom og mindre detaljstyring.

Fylkesmennene skal stimulere til lokal omstilling og fornying i kommunesektoren. Dette arbeidet må sjåast i samanheng med arbeidet knytt til rettleiing, samordning og tildeling av skjønnsmidlar.

Prosjektskjønn er ein integrert søknads- og rapporteringsdatabase som blir brukt av kommunar, tilsette hos Fylkesmannen og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Løysinga forenklar handtering av søknader og rapportering på bruk av skjønnsmidlar til fornying og innovasjon i offentleg sektor. 

Publikum og media har tilgang til ein nettstad som gir innsyn i tildelte midlar, omtale av prosjekt og innsende rapportar

 

Vis meir


08.05.2014

Tildeling prosjektskjønn 2014

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har delt ut kr 7 808 000 til prosjekter i kommunane. 

21.02.2013

Prosjektskjønn 2013

Vi ønskjer å invitere kommunane til å søkje om prosjektskjønn. Søknadsfrist 1. april.