Innsending av verjerekneskap 2023

Alle verjer med rekneskapsplikt skal levere verjerekneskap for 2023. Dokumenta i rekneskapen skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2024.

Publisert 15.02.2024

Vi sendte 13.02.2024 informasjonsbrev om innsending av verjerekneskap 2023 til alle verjer som står registrert med aktive verjemål med rekneskapsplikt per 31.12.2023. Du finn og brevet til høgre på denne sida.

Vi ønskjer helst at du sender rekneskapen digitalt. Du fyller ut skjema for årleg erklæring om reknskap og formueforvalting (fullstendigheitserklæring) og legg ved kontoutskrifter, og eventuell anna rekneskapsdokumentasjon. 

Skjemaet finn du på www.sivilrett.no/vergemal/skjema - skjema nr 5. Skjemaet finst frå 21.12.2023 i ny og forbetra utgåve på Altinn. Viss du har gått i gang med utfylling av den årlege fullstendigheitserklæringa i den gamle versjonen før 21.12.2023, må du fylla ut skjemaet på nytt i Altinn.

Brukarrettleiing finn du på  Vergemål (sivilrett.no)

Du treng ikkje å sende oss verjehavar sin skattemelding eller årsoppgåver då Statsforvalteren innhentar desse opplysningene direkte frå Skatteetaten.

Statsforvaltaren sender ikkje lenger ut skjema per post eller e-post.Utskriftsversjon av fullstendigheitserklæring finn ein ved å velje skjema nr 26 på Statens Sivilrettsforvaltning si oversikt over skjemaer.

Du kan ringe verjemålsseksjonen på telefon 55 57 23 00. Telefontid er måndag-onsdag 1200-1400.

Det er stor pågang på telefonlinjene våre, og vi har ikkje kapasitet til å svare på alle spørsmål om rekneskap på telefon. Vi oppmodar derfor om å sjå Statens Sivilrettsforvaltning si nettside om rekneskap  før du ringer. Der finn du og video om digital innsending av regnskap.

Du kan og sende førespurnad via skjemaet «Melding til Statsforvaltaren» via vår eiga nettside 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar