Typiske feil ved søknader om stadfesting av at framtidsfullmakter er i kraft

Vi har laga ei liste over typiske feil vi ser når vi behandlar søknader om å stadfesta at framtidsfullmakter er i kraft. 

Publisert 22.09.2023

Søknad blir sendt før framtidsfullmakta er i kraft
Du skal ikkje sende søknad til oss før framtidsfullmakta er i kraft. Framtidsfullmakta er i kraft når den som skreiv framtidsfullmakta ikkje lenger er i stand til å ta hand om interessene sine sjølv grunna sinnsliding, demens eller alvorleg sjukdom.

Det blir søkt om verjemål i staden for eller i tillegg til stadfesting av framtidsfullmakt
Verjemål og framtidsfullmakt er to separate ordningar, kor framtidsfullmakt er det private alternativet og verjemål er det offentlege alternativet. Med mindre du har behov for hjelp til meir enn det som blir regulert i framtidsfullmakta, er det ikkje nødvendig å både søke om verjemål og stadfesting av framtidsfullmakt. 

Vi manglar søknad
Fullmektigen må søke oss om å stadfeste at framtidsfullmakta er i kraft. Det er ikkje automatikk i at fullmektigen har meint å søke om stadfesting sjølv om vi får tilsendt ei framtidsfullmakt. Dersom vi berre får framtidsfullmakta utan søknad, er det heller ikkje sjølvsagt at det er fullmektigen som har sendt framtidsfullmakta til oss. Søknaden om å stadfeste at framtidsfullmakta er i kraft må bli signert av fullmektig. Bruk gjerne søknadsskjemaet du finn på www.sivilrett.no/framtidsfullmakt

Vi manglar framtidsfullmakta
Vi må få tilsendt framtidsfullmakta i original. Vi godtek ikkje kopi. Den originale framtidsfullmakta blir returnert til fullmektigen når saka er ferdig behandla. 

Vi manglar legeerklæring
Det er fullmektigen som skal sende legeerklæring til oss saman med søknaden om å stadfeste at framtidsfullmakta er i kraft. Vi kan ikkje innhente legeerklæring frå lege direkte. 

Legeerklæringa er ikkje god nok
Legeerklæringa vi må ha for å behandle saka, må innehalde opplysningar om fullmaktsgjevaren sin diagnose, bistandsbehov og samanheng mellom diagnose og bistandsbehov. Be gjerne lege om å bruke legeerklæringsskjemaet som ligg på www.sivilrett.no/framtidsfullmakt

Vi manglar dokumentasjon på at pårørande er orientert om framtidsfullmakta
Når framtidsfullmakta er i kraft, skal fullmektigen orientere fullmaktsgjevaren sin ektefelle, sambuar eller andre nære slektningar om innhaldet i framtidsfullmakta og at framtidsfullmakta er i kraft. Ved søknad til oss om å stadfeste at framtidsfullmakta er i kraft, skal fullmektigen legge fram dokumentasjon på at slik orientering til pårørande er gitt. 

Vitna er i nær familie med fullmektigen
Framtidsfullmakta må bli signert av to vitne. Fullmektigen og fullmektigen sin næraste familie kan ikkje vere vitne. Er desse krava ikkje fylgd, kan heller ikkje vi stadfeste at framtidsfullmakta er i kraft.

Vitna har signert framtidsfullmakta på feil tidspunkt
Vitna og den som skriv framtidsfullmakta må signere framtidsfullmakta samtidig. Alternativt må vitna signere framtidsfullmakta samtidig mens fullmaktsgjevaren er til stades og vedkjenn seg underskrifta si. Vitna kan ikkje signere framtidsfullmakta på forskjellige datoar, eller før fullmaktsgjevaren har signert framtidsfullmakta. Er desse krava ikkje fylgd, kan heller ikkje vi stadfeste at framtidsfullmakta er i kraft.

Den som skreiv framtidsfullmakta forstod ikkje kva han eller ho signerte på
Dersom det er klart at fullmaktsgjevaren ikkje forstod betydninga av framtidsfullmakta når den blei skrive, skal heller ikkje vi stadfeste at framtidsfullmakta er i kraft. 

 

 

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar