Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 09.02.2022

Kunngjering - Endra løyve til forureining frå settefiskanlegg i Etne kommune

Mowi ASA fekk 28. januar 2022 løyve etter forureiningslova til å auke produksjonen i settefiskanlegget i Fjæra. 


Publisert 08.02.2022

Kunngjering - Løyve til utslepp frå anleggsarbeid i samband med bygging av vassveg for Øvre Kvemma kraftverk

Øvre Kvemma kraftverk fekk 4. februar 2022 løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp i samband med bygging av vassveg for Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal kommune. 


Publisert 02.02.2022

Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Stad kommune

Eide Fjordbruk AS har 25. januar 2022 fått løyve etter forureiningslova til å etablere eit nytt anlegg for ein årleg produksjon på inntil 900 tonn av blåskjel, sekkdyr, ulike typar makroalgar og sjøpølse på lokaliteten Torvneset.


Publisert 14.01.2022

Kunngjering - Endra løyve for Statens vegvesen Region vest for utslepp frå mellombels anleggsarbeid i Sunnfjord kommune

Statens vegvesen Region vest fekk 13. januar 2022 endra utsleppsløyve etter forureiningslova for arbeidet med bygging av E39 Myrmel – Lunde i Sunnfjord kommune.


Publisert 25.10.2021

Kunngjering - Løyve til utslepp frå vassbehandlingsanlegg i Bergen kommune

Bergen kommune har 13. oktober 2021 fått løyve etter forureiningslova for utslepp av reinsa prosessvatn frå Espeland vassbehandlingsanlegg til Skåldalselva.


Publisert 14.10.2021

Kunngjering - Endra løyve for Berivest AS sitt brannøvingsfelt på Sløvåg industriområde i Gulen kommune

Berivest AS fekk 6.juli 2021 løyve etter forureiningslova til drift av eit nytt brannøvingsfelt på Sløvåg industriområde i Gulen kommune. Etter søknad frå verksemda endra Statsforvaltaren 14. oktober 2021 tidsrammene for løyvet.


Publisert 14.10.2021

Kunngjering - Nytt løyve for utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Førde tettstad i Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune har 31.august 2021 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp av  kommunalt avløpsvatn frå Førde tettstad. 


Publisert 18.08.2021

Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Solund kommune

Sulefisk AS har 17. august 2021 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Juvika. Løyvet gjeld for ein produksjon av fisk på 2340 tonn MTB, med ein auka arealbruk samanlikna med tidlegare.


Publisert 05.07.2021

Kunngjering – løyve til opprydding av forureina grunn på nedlagt skytebane i Kinn kommune

Kinn kommune har fått løyve etter forureiningslova til å grave i forureina grunn ved nedlagt skytebane ved Litlevatnet.


Publisert 02.07.2021

Kunngjering - Løyve til forureining til Bergen Rideklubb

Bergen Rideklubb på Sletteneset i Bergen kommune har 30. juni 2021 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg for kompostering av hestegjødsel.