Tilsyn viste manglar i arbeidet med lukt i Rådalen

Statsforvaltaren har gjennomført lukttilsyn med tre verksemder i Rådalen i august. På tilsyna fann vi at alle verksemdene hadde manglar i det systematiske arbeidet for å redusere lukt.

Publisert 23.08.2023

I juni 2023 sendte Statsforvaltaren brev til verksemdene i Rådalen knytt til handtering av lukt frå industriområdet. Brevet var ei oppfølging av klage på lukt. I brevet viste vi til forventningar om drift for å unngå klager på lukt, og at verksemdene har oversikt over luktutsleppa. Dette var ein del av bakgrunnen til tilsyna som vi gjennomførte i august. Brevet vi sendte ligg ved denne saka.

Verksemder som kan vere luktkjelde har løyve

Alle verksemdene i Rådalen som kan vere kjelde til lukt har krav i løyve etter forureiningslova. Løyva ligg ved denne saka. Vilkåra om lukt er sett for å unngå luktproblem i nærmiljøet. Likevel er det mange naboar som klager på lukt.

Fleire manglar ved det systematiske luktarbeidet

Tilsynet viste at verksemdene hadde fleire manglar i det systematiske arbeidet. Verksemdene har etablert felles rutine for å følgje opp klagene. Tilsynet viste at rutinen ikkje alltid blir fulgt og er mangelfull. Resultatet av mangelfulle rutinar og oppfølging er at ingen verksemder i tilstrekkelig grad vurderer og gjennomfører tiltak, sidan verksemdene meiner dei ikkje er kjelde til lukta det vert klaga på.

Frist 1. oktober for tilbakemelding

Alle verksemdene har 14 dagar på å gje tilbakemelding på eventuelle feil i rapportane. Dei har fått frist til 1. oktober med å gje tilbakemelding på retting av avvika.

Tilsynsrapportane ligg ved denne saka. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.