Avgjerd om havarert flytedokk ved Ågotnes

Etter ei samla vurdering stadfester Statsforvaltaren vedtaket i Øygarden kommune der Coast Center Base AS (CCB) ikkje blir pålagt å heve havarert flytedokk ved Ågotnes.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.01.2022

Vraket verkar ikkje skjemmande, men kan vere til skade eller ulempe for miljøet. Påvist forureining og forureiningsfare er likevel vurdert til å vere liten, og vraket har liten ressursmessig verdi. Kostnadane ved fjerning er også svært høge. 

Statsforvaltaren vil sette krav om overvaking av områda rundt havaristaden etter eit nærare fastsett overvakingsprogram for å vurdere om det er naudsynt med eventuelle tiltak i framtida. 

Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast. 

Vi viser til vedlagte saksdokumenter i saka. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.