Akvakulturanlegg på land vert no kontrollerte

Miljødirektoratet organiserer for første gong ein landsomfattande tilsynsaksjonen med landbaserte akvakulturanlegg. Statsforvaltaren i Vestland vil i perioden mai til desember i år kontrollere miljøkrava hjå eit utval av anlegg i fylket.

Publisert 07.05.2024
Bilete av reinseanlegg med slam nedst i prosesslinja.
Illustrasjon av slamoppsamling ved eit landbasert anlegg. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Kvifor tilsynsaksjon?

Oppdrettsanlegg har utslepp til miljøet, og utsleppa er regulerte i løyve etter forureiningslova. Ved uhell eller svikt i drifta kan anlegga forureine grunn, luft, eller vatn ut over det som er gitt løyve til. Det kan også skje at miljøtilhøva rundt anlegget forverrar seg over tid, slik at utsleppa får ein større miljøverknad enn det som låg til grunn då løyvet vart gitt. Det har ikkje vore organisert ein samtidig, landsdekkande tilsynsaksjon med akvakulturanlegga på land tidlegare.

Kven blir kontrollerte?

I utgangspunktet har tilsynsaksjonen mål om å kontrollere flest mogleg anlegg i landet, av alle typar akvakulturproduksjon av laksefisk eller marinfisk på land:

  • klekkeri- og yngelanlegg
  • settefisk- og postsmoltanlegg
  • matfiskanlegg
  • stamfiskanlegg

I Vestland er det registrert ca. 100 landbaserte akvakulturanlegg. Ikkje alle desse har aktivitet i 2024 (f.eks anlegg som ikkje er bygt enno) og talet femnar også i nokre tilfelle fleire «anlegg» på same stad.

Utvalet av kven som får tilsyn er risikobasert. Det vil seie at Statsforvaltaren legg vekt på storleiken til utsleppa frå anlegget, miljøtilstanden til området som utsleppet går til, risikoen for at eventuelle brot på løyvet eller uhellsutslepp gjev fare for skade på miljøet, og historikken i tilsyn og saksbehandling elles.

Kva blir kontrollert?

Dei landbasert anlegga som er gjevne løyve til i Vestland varierer mykje i storleik og reinseteknologi. Løyva varierer dessutan noko i krava som er sett, ut frå ulik alder på løyva.

Tilsynsaksjonen i år skal sjekke om krava som gjeld på det enkelte anlegg i dag vert følgde, bidra til å hindre ulovleg forureining, og skaffe kunnskap til Miljødirektoratet sitt arbeid med å vurdere meir standardiserte krav til bransjen.

Når vert tilsyna gjennomførte?

Aksjonsperioden er frå mai til desember. Tilsynet på det enkelte anlegget kan vere uvarsla på førehand, eller varsla kort tid før.

Anlegg som ikkje får tilsyn i 2024, må rekne med å bli kontrollerte dei kommande åra.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.