Nytt nettverk for urbant landbruk i Vestland

Mennesker rundt en plantekasse, en skole og bygninger i bakgrunnen.
Deltakere fra Bjørnafjorden, Voss, Sunnfjord, Stord og Fitjar samt Bergen deltok på studieturen i Bergen og Os. Foto: F. Lindén / SFVL.

Vinteren 2023 vart det oppretta eit nettverk for å utvikle ulike pilot-aktivitetar innan urbant landbruk i forskjellige kommunar i Vestland Fylke. I alt sju kommunar er knytt til prosjektet, og dei representerer både større byar og mindre tettstader. 

Publisert 02.08.2023

Lystgården i Bergen leiar prosjektet og det vert drifta i lag landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland. Lystgården på Landås har utvikla Bybonden i Bergen – senter for urbant landbruk, i lag med Bondelaget i Vestland. Erfaringane som Bybonde-teamet i Bergen har gjort seg, i lag med etat for landbruk i Bergen kommune, vil bli delt med urbant landbruksnettverket i Vestland i 3 år framover. Representantane i nettverket kjem frå både landbruks-og planavdelingar i pilotkommunane.

kart med kommuneinndeling. hvite flekker er kommuner som er med i prosjektet.
Foto: Daniel Almhjell / Statsforvalteren i Vestland.

Kommunene i Urbant landbruksnettverket i Vestland

KJERNEKOMMUNAR:

- Bjørnafjorden/Tysnes/Samnanger 

- Stadt 

- Alver

ANDRE KOMMUNAR SOM DELTEK I FYLKESNETTVERKET:

- Sunnfjord 

- Voss 

- Bergen 

- Stord og Fitjar 

Lokal forankring

Aktivitetane i som vert prøvd ut i pilotkommunane i Vestland, bør lett kunne speglast i Nasjonal strategi for urbant landbruk (2021). Kommunane skal freiste å forankre urbant landbruk i sin kommune, og bake det inn i lokale strategiar eller handlingsplanar i sine organisasjonar, i frivilligheita og lokalsamfunnet i stort. Fagsamlinger og studieturer vil inspirere og vise korleis ein arbeider med urbant landbruk i praksis; i forvaltninga og i samarbeid med eksterne aktører og ildsjelar for å nå nasjonale og lokale måsettingar.

Lære av kvarandre

Urbant landbruks er i si natur tverrfagleg og tufta på samarbeid mellom etatar og miljø i kommunane. Men korleis ein skal gjere det, finst det ikkje ein fasit på. Fyrste steg i denne erfaringsutvekslinga var å sjå på kva erfaringar dei har gjort seg i Bergen og Os dei siste åra. Målet med studieturen var difor å bli inspirerte og sjå korleis ein kan overføre eksempla frå studieturen til sin eigen kommune. Til hausten skal deltakarane møtast og drøfte kva ein kan jobbe med gjennom vinteren for å skape nye eller utvida urbane landbruksaktivitetar i sin kommune i 2024.

Studieturar i 2023

Studieturen hadde eit tettpakka program for ein dagstur til ulike urbane landbruksprosjekt på strekninga Bergen – Os i slutten av juni i år.

Programmet kan de laste ned nest eller i høgre kolonne på denne nettsida.  Vidare i teksten vil de sjå bilete frå stoppestadene med fyldige bilettekstar - sjå også lenkene i overskriftene til biletene.

Neste studietur vil vere til Bodø i slutten av september i år, kor dei vil møte ulike kommunar i Nordland, Troms og Finnmark. På denne studieturen vil ein sjå på korleis urbant landbruk kan koplast til beredskap og matsikkerheit lokalt.

Studieturen Bergen - Os

 

Landås menighet eldresenter

Personer på en takhage med plantekasser
Landås menighet eldresenter etablerte for nokre år sidan plantekasser på takhagen i samarbeid med Bærekraftige liv på Landås. Dyrkingskassane blir drifta i lag med to lokale barnehagar, og målet er å også få engasjert barneskulen rett over vegen. Foto: F. Lindén / SFVL.
Personar står rundt eit hønsebur
I samarbeid med pedagog og biolog Cecilie Fosse, som har eit stor engasjement for gamle hønserasar, har eldresenteret etablert ein liten flokk med høner for å engasjere dei eldre i både kos og stell. Å delta i stell av hønene og å plukke egg, er ein del av dagtilbodet og har blitt til i godt samarbeid med aktivitetsleiaren på eldresenteret. Foto: F. Lindén / SFVL.

Fløenbakken-og Storetveit parsellag

Parsellhage, dyrkingsruter med byen i bakgrunnen
Fløenbakken parsellhage vart gjenopna i juni 2023, etter at bybanen-utbygginga var ferdige med å bruke arealet. Over 90 parsellar vart delte ut og teke i bruk att, og Terje Inderhaug frå styret ga gode råd om organsering og etablering av parsellar på kommunale areal. Foto: F. Lindén / SFVL.
Parsell med dyrkingskarmer og bed og grasareal
Parsellhagen på Storetveit litt attmed ein barnehage og barneskule, og dei har sjølvsagt fått areal i parsellhagen på Storetveit. Her har over 80 personar laga sine små parsell-oasar med for matauk og rekreasjon i kvardagen. Foto: F. Lindén / SFVL.

Bønes barneskole

Personar i ein inngjerda skolehage, midt i ein skulegard
Bønes Skole sin skolehage var i full vekst etter skuleavslutninga. Skulehagen er etablert i eit inngjerda område sentralt i skulegarden. Kristin Hermansen fra Bybonden i Bergen og rektor ved Bønes skole, Torunn Reistad Skurtveit, fortalde i tospann om samarbeidet. Foto: F. Lindén / SFVL.
Personar i ein inngjerda skulehage med pallekarmar
Lærarar på alle årstrinn nyttar skulehagen i undervisninga på Bønes Skule, noko som rektor både har lagt til rette for og oppmuntrar til. Bybonde Kristin Hermansen har vore fagleg rådgjevar i skulehageprosjektet i Bergen kommune, som har støtta skulehagen med bærplanter, jord og pallekarmar i ein startfase. Foto: F. Lindén / SFVL.

Framnes Gård og Parsellhagar

Kvinner i gul regnjakke på en parsellhageåker, hus i bakgrunnen
Solveig Lilletvedt etablerte i 2020 parsellhagane på Framnes Gård på eit areal nært tune på garden. Gardsdrifta har geiter og høns, som gir noko gjødsel til parsellhagane. Lilletvedt driv frå før ei Inn på tunet teneste med dagtilbod for personar med psykiske lidingar. Foto: F.Linden / SFVL.
Parsellar på eit jorde.
Parsellhagane på Framnes har eit hjortegjerde rundt heile parsellen og Lilletvedt er aktiv styrar av drifta. Ho held grasarealet nede og dultar vennleg i dei som ikkje klarar å vedlikehalde parsellen sin, slik at andre meir ivrige kan ta over. Det er omlag 30 parsellar som ho leiger ut for 1500-2000,- kroner i året. Foto: F. Lindén / SFVL.
Et rom med hageredskaper på rekke og rad.
Solveig Lilletvedt har lagt godt tilrette for å kunne drive parsellhage på Framnes. Inkludert i leiga er tilgang til vatn, redskaper, og ho har óg eit lite drivhus dei kan drive fram småplanter i på våren. Foto: F. Lindén / SFVL.

Prestegårdshagen på Os  

Deltakarar i samtale på tunet
Kristin Vangsnes Bøe arbeider i kulturetaten i Bjørnafjorden kommune, og har mellom anna vore involvert i oppussinga av Prestegarden og prestegardshagen i Os. Hagen er etablert etter permakulturprinsipp, og dei ynskjer på sikt å involvere ungdomsskulen, eldresenteret og kanskje burettslaget like ved i å halde hage ved like og hauste frå den. Foto: F. Lindén / SFVL.

Testbedene på Stend

 Deltakarane på studietur i en åker med grønnsaksrader
Testbedene på Stend vart etablert av Lystgården på Landås for å rekruttere både fleire og yngre grønsaksdyrkarar som kunne selge ferske grønsaker til lokallagsmarknaden i Bergen. No er det 4 produsentar som driv nær 2 dekar tilsaman, like ved drivhuset og gardsbutikken på Stend. Nicola Trier er ein av marknadshagegartnarane som viste oss rundt. Foto: F. Lindén / SFVL.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.