Beitesesongen 2019 i Vestland

Det er ikkje høge tapstal av dyr på utmarksbeite i Vestland samanlikna med tala totalt for Noreg. Tapet av lam var 8 428 (5 prosent), medan det for vaksne sauer var 2 689 (2,6 prosent). Det er noko høgre enn i fjor, men ikkje vesentleg.

Av totalt knappe 1,3 millionar sau og lam (ca. 200 000 mindre enn i fjor!) i Noreg som vart sleppt på fjellbeite gjennom organisert beitebruk, var tapet på 62 700 dyr, eller 5,11 prosent. Nordland og Trøndelag er dei fylka som har høgast tapsprosent av sau og lam på over 7,0 prosent. Tidlegare Hordaland ligg på 3,6 prosent og Sogn og Fjordane ein prosent høgre.

Tap av storfe er lite både nasjonalt og her i fylket. Av 19 000 storfe som vart slept på utmarksbeite i Vestland, er tapet på 0,73 prosent som er noko høgre enn nasjonalt (0,44 prosent).

Totalt sett er det ikkje høge tap av sau og lam på beite samanlikna med landet, men det er ein del utfordringar i enkelte områder. Gjennomsnittleg tap av lam på beite er 6,39 for heile landet. Tapstalet for Vestland er på 5 prosent med 5,65 for tidlegare Sogn og Fjordane og 4,13 for Hordaland. Figur 1 syner tap av lam pr kommune i Vestland. Totalt for fylket ligg tapstala på kring same nivå som dei siste åra. I enkelte områder er det historisk låge tal (kring 1 prosent tap!) og andre stadar er det for høgt.

Beitesesongen 2019 var eit normal år i dei fleste beitelaga, om ein ser vekk i frå utfordringa med rovdyr og spesielt ulv. Det var nokså tidleg fjellslepp mange plassar, enkelte melder om rekordtidleg. Det var lite snø i vinter og ein forholdsvis tidleg varm vår. Det kom likevel ein kuldeperiode på forsommaren, som ein del merka i at tilveksten på lamma fekk seg ein liten knekk. Men i alt ein gjennomsnittleg til god beitesesong.

Figur. 1 - Tap av lam på utmarksbeite, prosent per kommune

Nokre områder var spesielt råka av rovdyr. I Hyllestad, Askvoll og Fjaler har det no vore ulv i 2 sesongar. Mens det har vore tap til jerv i Luster. Beitelaga som har vore råka av ulv, har lagt ned mykje arbeid knytt til dette i form av ekstra tilsyn og dialog med forvaltinga.

Fleire beitelag melder om utfordringa med laushundar som drep eller skadar båe sau og lam. Ein god del ørn er observert og mange stadar større lammetap utan at kadaver vert funne. Det er òg meldt om ein del tap til raudrev. Her har beitelaga gode ordningar med skotpremiar osv. I dei områda der det er mykje fotturistar merkast det båe bakdelar og fordelar med den menneskelege trafikken. Det har vore eit par mistankar om jerv i nokre områder utan at det er stadfesta nærmare. Noko problem med flått i lågare liggande områder og langs kysten.

Det har vore noko vandring av dyr ut av beiteområda, men ikkje på same nivå som i fjor. I år skuldast det mest at det er mindre beitetrykk frå nabobeiter som gjer at dyra vandrar lengre. Dei beitelaga som har beitedyr i CWD område i Nordfjella har spesielt merka vandring av dyr. På grunn av forbod mot å ha faste salteplassar, berre bruk av strøsalt, har mange dyr vore på leit og dels vandra ut av områda. Dette har skapa mykje ekstra arbeid for beitelaga.

Elles er det gode tilbakemeldingar om samarbeid innad og mellom beitelag. Og det ser ut til at dei fleste beitelag har bra økonomi til å drifte laget.

Tabell over eksakte tal og tapsprosent per kommune i Vestland fylket