Lagar matfat for insekt i Lærdal

Njål Golf ved kilen der han skal så blomstersona.
Njål Golf ved kilen der han skal så blomstersona. (Foto: Trude Knutzen Knagenhjelm, Fylkesmannen i Vestland)

Bønder i Lærdal sår blomster som skal betre livsgrunnlaget og auke næringstilgangen til insekt. Dette er ei prøveordning for Lærdal der bonden får tilskot gjennom regionalt miljøprogram i Vestland.

Njål Golf på Hauge gard i Lærdal er ein av gardbrukarane som har bestemt seg for å lage eit slikt matfat for dei pollinerande insekta. Han driv eit sauebruk med økologisk grovfôrproduksjon, og har planlagt eit 300 meter langt blomsterbelte langs ein kile som strekk seg gjennom den eine enga. Ein kvistdunge som ligg ved kilen, skulle etter planen brennast. Den vert no liggjande som skjul for insekta, etter tilråding i regionalt miljøprogram.

For å etablere blomsterstripa er planen å frese opp jorda med horisontalfres for å eksponere jorda før såing. Til sona har han bestilt inn ei eigna blomsterblanding med ulike eitt- og fleirårige blomar, men reknar med å måtte så att sona kvart år.

Tilskotet til soner for pollinerande insekt er eit prøveprosjekt som førebels gjeld i Lærdal kommune, men som på sikt kan bli innført fleire stader i Vestland. Formålet med tilskotet er å betre livsgrunnlaget for ville pollinatorar i jordbrukslandskapet ved å ha eit mangfald av vekstar som kan auke tilgangen til næring for insekta.

På spørsmål om kva som motiverer til å etablere den blomsterrike sone for insekt, svara Njål at han som grovfôrprodusent og sauebonde ikkje har direkte nytte av pollinerande insekt, men at han er uroa for nedgangen i pollinatorbestanden. Sjølv om han kan få tilskot til maksimalt 160 meter med slik blomsterrik sone, ønskjer han å etablere eit lengre strekke for eigen del. «Ei slik blomsterrik sone vil vere positivt for insekta, og vi må alle prøve å legge til rette for insekta så mykje vi klarer», svara Njål då vi besøkte Hauge gard ein varm sommardag i juni.

Steingardar, røyser og kvisthaugar gir nyttig skjul for pollinatorane

Steingardar, røyser og kvisthaugar gir nyttig skjul for pollinatorane (Foto: Trude Knutzen Knagenhjelm, Fylkesmannen i Vestland)