Besøk verdsarven i sommar!

Slåttonn på Stigen gard
Slåttonn på Stigen gard (Foto: Fylkesmannen i Vestland)

Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden er vel verd eit besøk i sommar! Området er eitt av åtte norske verdsarvområde på UNESCO si Liste for kultur- og naturarv; verdsarvlista.

Grunnen til at området er på verdsarvlista er at dette er eit fjordlandskap med aktive geologiske prosessar, vakkert naturlandskap frå fjord til fjell med brear, skog, fossar og frittrennande elvar, og kulturlandskap som gir naturlandskapet perspektiv. Med andre ord er det mykje fjell og villmarksprega natur i området, men og gjestmilde grender langs fjorden der folk bur og driv næring.

Aktivt landbruk

På reise i verdsarvområdet er det verdt å legge merke til kulturlandskapet, forma av det aktive landbruket. Her er det grunneigarar, bønder og beitedyr som held landskapet og kulturmiljøet i hevd. Det vert satsa aktivt på å styrke landbruket i området, nettopp fordi eit aktivt landbruk er det einaste verktøyet vi har for å bevare det preget kulturlandskapet har i dag, med mosaikk av enger, åkrar, slåtteteigar, beitemarker og område med spor etter styving, stølar og gardstun.

Som besøkande er det viktig at du tek omsyn til lokalbefolkninga og verdiane dei arbeider for å ta vare på. For bøndene er det viktig å komme fram med reiskap og traktor, at beitedyr ikkje vert lett slopne ut av grinder og inngjerda område, og at det ikkje vert trakka og campa på innmark der fôret til beitedyra skal vekse. Eit godt utgangspunkt er å orientere seg på nettsider om området for å få oppdatert informasjon, og å orientere seg om kva som står på informasjonstavler rundt om i området.

Gode opplevingar

Grender som Gudvangen, Bakka, Undredal, Flåm og Fresvik er gode utgangspunkt for å oppleve verdsarvområdet. Her finst overnattingsmoglegheiter og serveringsstader, og verksemder som tilbyr tilrettelagte aktivitetar. Ein ferjetur på strekninga Gudvangen–Kaupanger eller Gudvangen-Flåm er òg ei oppleving der fjordkjensla verkeleg kjem til sin rett.

Ein god måte å bidra til å styrke verdsarven er å støtte lokale verksemder ved å nytte seg av opplevingstilbodet, smake på den lokale maten, og kjøpe andre lokale produkt på lokalbutikkane i grendene. Sommaren 2020 er det lite utanlandske turistar i området, noko som vil gjere det enklare å få tilgang til desse tilboda.

Status som verdsarv er det høgaste internasjonale kvalitetsstempelet eit område kan få. Ved å besøke verdsarven Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden i sommar, kan du medverke til å sikre denne verdsarven for ettertida.

Les meir om landskap og kulturarv i Nærøyfjordområdet her

Reiselivsinformasjon om området finn du her:
Fjordnorway - Nærøyfjorden
Visitnorway

Kart over verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Nærøyfjorden

Kart over verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Nærøyfjorden

 

Ein fottur i fjordlandskapet tek deg nær dyre- og plantelivet i området

Ein fottur i fjordlandskapet tek deg nær dyre- og plantelivet i området (Foto: Fylkesmannen i Vestland)

 

Send ein varm tanke til dei gode kulturlandskaparbeidarane i landskapet, og lat att grinda når du går

Send ein varm tanke til dei gode kulturlandskaparbeidarane i landskapet, og lat att grinda når du går (Foto: Fylkesmannen i Vestland)