Indrefjord gard vann BU-prisen i Vestland

Personar på to rekker etter ein prisudeling
Frå øvst til venstre: Fylkesordførar Jon Askeland, Ina Margrete Nordahl Sognnes, Ole-Ivar Åm Sognnes, Eirik Brekke frå Innovasjon Norge Vestland, og syskena Ingeborg Nordahl Sognnes og Marie Nordahl Sognnes. Foto: Anbjørn Holme / Vestland Fylkeskommune.

Bedriftsutviklingsprisen for landbruket i Vestland gjekk i år til Indrefjord gard i Hyllestad kommune. Å tenkje utanfor boksen og sjå nye moglegheiter for økonomisk gevinst, er vinnaroppskrifta for familien som driv Indrefjord gard på fulltid. 

Publisert 03.11.2023

På Indrefjord Gard får ungdom med utfordringar og ekstra behov nye moglegheiter. Hjå Ina Nordahl Sognnes og Ole-Ivar Åm Sognnes kan dei til og med få jobb.

– Regionsvinnaren av BU-prisen i Vestland viser kva det er mogleg å få til om eit gardbrukar-par arbeider målretta for å utvikle garden, torer å satse, og bygge stein på stein. Med utgangspunkt i eit middels stort Vestlands-bruk i Hyllestad og eit breitt interessefelt, har dei skapt 4–5 arbeidsplassar innan mjølkeproduksjon, bygdeservice, Hest i næring og Inn på tunet-tenester, seier Rolf Sørland, konstituert regiondirektør i Innovasjon Norge Vestland.

Gir vilje til vidare innsats

Dei er glade for no å kunne kalle seg BU-prisvinnar:

– Prisen gjev oss motivasjon til å satse vidare. Vi er takksame og glade for nominasjon og tildeling av prisen. Det er fantastisk at vår innsats og drift vert lagt merke til. For oss gjev dette inspirasjon og motivasjon til å fortsette arbeidet med å utvikle garden inn i framtida, seier Ole-Ivar, som legg til at BU-prisen er med på å synleggjere ulike driftsformer og tilleggsnæring i landbruket.

Lausdrift, mangesysleri og samhald

I 2016 tok dei steget og starta bygginga av eitt av dei minste lausdriftsfjøsa i Vestland på den tida. Driftsbygget sto klart i 2019 etter formidabel eigeninnsats. Der har dei om lag 25 mjølkekyr og 75 storfe totalt, i tillegg til sju hestar. Dei har ei mjølkekvote på 160 tonn og leverer om lag 10 tonn storfekjøt kvart år.

Innan bygdeservice tilbyr dei ulike oppdrag innan park, hage, landbruk og anleggsarbeid til private og offentlege kundar. 

Hestane er ein naturleg del av ressursgrunnlaget og vert nytta til ulike føremål når det er føremålstenleg. Det kan vere både gardsarbeid, guida turar og arbeidsoppdrag. Gjeting og tilsyn av storfe på utmarksbeite er ein populær aktivitet som har gitt mykje merksemd. Hest er også eit vesentleg element i Inn på Tunet-aktiviteten.

Det neste byggeprosjektet er no i startfasen, med eit tilbygg til driftsbygg som skal betre fasilitetane for Inn på tunet-tenestene og hestane deira. Med to born, begge ektefellane aktive i drifta og mange tenester som skal leverast, er det ein hektisk kvardag på garden.

– Vi har stort sett hatt 1-2 tilsette på heiltid, i tillegg til ekstrahjelp og avløysarar. Alle involverte står på i tøffe periodar, anten det er onnearbeid eller byggeprosjekt. I den daglege drifta legg vi vekt på rutinar og utføring av dei ulike oppgåvene, seier Ole-Ivar.

Prisvinnaren meiner Innovasjon Noreg har vore viktige for å få til det dei har gjort:

– Innovasjon Noreg har vore ein aktiv støttespelar i to omgangar for bruksutbygging og bidrege til å realisere planane her på garden, slik at vi har fått realisert nytt driftsbygg til mjølkeproduksjon, og er i gang med eit nytt prosjekt til Inn på tunet og hestane. Felles for begge prosjekta er høg eigeninnsats, støtte frå Innovasjon Noreg og finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane. Støtta frå Innovasjon Noreg var eit vesentleg bidrag for at vi kan gjennomføre prosjekta, avsluttar han.

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

Innovasjon Norge deler kvart år ut prisen Bedriftsutviklingsprisen (BU-prisen) i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. BU-prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i ressursane i landbruket eller i bygda.

Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner og dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.