SMIL- og dreneringsmidlane er fordelt til kommunane

Fylkesmannen i Vestland har fordelt rammer til SMIL- og dreneringstilskot for 2019.

For SMIL-ordninga er til saman 11 130 000 fordelt og om lag 400 000 kroner halde att til seinare fordeling. Av dreneringsmidlane er 7 040 000 fordelt og om lag 650 000 halde att.

Rammene til kvar einskilt kommune går fram av dokument Kommunale rammer for SMIL og drenering 2019. Kommunane har ansvaret for å forvalte tilskotsordningane etter gjeldande forskrifter og rundskriv. Dette inkluderer kunngjering av midlane og fastsetting av søknadsfrist.

Som følgje av jordbruksavtalen 2018 – 2019 kan kommunane frå i år løyve SMIL-tilskot til etablering av dekke for å hindre nedbør i eksisterande gjødsellager. Andre aktuelle tiltak som kommunane kan prioritere er mellom anna tiltak for å redusere forureining til vassdrag, hydrotekniske tiltak i høve til klimatilpassing, tiltak for å fjerne framande skadelege artar i tillegg til kulturminne- og kulturlandskapstiltak, tiltak for å betre ålmenta si tilgang til jordbrukslandskapet og tiltak for å redusere risiko ved bruk av plantevernmiddel. Les meir om tiltaksgruppene i SMIL på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Frå i år er det ikkje lenger naudsynt å sende papirsøknad til kommunen når du søkjer om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og drenering av jordbruksjord. Ved å logge deg inn via Altinn kjem du til søknadsskjemaet, og her ligg òg rettleiing og forklaringar dersom det trengst. Meir om søknad finn du på kommunen sine nettsider eller i dokumentet Informasjon til søkjar.

Det nye systemet skal sikre rask og sikker søknadsbehandling, og når saka er ferdigbehandla i kommunen kjem svaret i føretaket sin innboks i Altinn eller til Sikker Digital Post (privatpersonar). Dersom du ikkje har digital postkasse kjem svaret som brev i posten.