Auka tilskot til drenering frå 1. juli 2023

Drenering av gamal eng før fornying i Voss herad.
Drenering av gamal eng før fornying i Voss herad, Foto: Inger Marie Hernes, SFVL.

I årets jordbruksforhandlingar vart partane einige om å auke tilskotssatsane til drenering frå 1. juli 2023. Nye satsar gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli.

Publisert 21.06.2023

Dei nye satsane er 4 000 kroner per dekar. Per løpemeter grøft er den nye satsen 61 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 4 000 kroner per dekar areal. Endringane gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli 2023.

Forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord vil bli oppdatert med dei nye satsane, og satsane vil bli innarbeid i søknad – og sakshandsamarsystemet Agros med verknad frå 1. juli.

Handsaming av søknader som er sendt inn før 1. juli der tiltaket ikkje er starta opp

Søkjarar som har fått innvilga tilskot før 1. juli etter gamle satsar, kan trekke søknad og sende ny dersom arbeidet på det omsøkte arealet ikkje er starta opp. Kommunen må då fatte nytt vedtak om tilskot. Samtidig skal kommunen inndra tidlegare innvilga tilskot ved å avslutte den gamle saka. I tillegg til endra tilskotssum, kan det bli satt ny arbeidsfrist.

Etter ei endring i fagsystemet i 2022 blir tilskotssatsane no styrt ut frå søknadsdato og ikkje vedtaksdato. Tilsvarande gjeld difor for søknader som kommunen ikkje har handsama før 1. juli. Her må søkjar trekke gammal søknad og søke på nytt etter 1. juli, for at nye satsar skal bli gjeldande.

Handsaming av søknader som er sendt inn før 1. juli der tiltaket er starta opp

Etter forskrifta § 3 kan det ikkje gis tilskot der tiltaket er starta opp. Dette betyr at det ikkje kan gis tilskot etter fornya søknad og med nye satsar i slike tilfelle.

Mykje midlar til disposisjon i Vestland

I Vestland er total ramme for tilskot til drenering på 6 972 169 kroner i 2023. Foreløpig tilsagn dette året er på 2 515 612 kroner. Dette gir eit godt handlingsrom for dei auka satsane og for fleire tilskotssøknader.

Det er kommunane som gjer vedtak i tilskotsordninga. Det inneber at kommunen har ansvar for å fastsette søknadsfristar, informere og rettleie om regelverket og om søknadsprosessen. Kommunen skal og behandle søknader, fatte vedtak om tilskot og godkjenne utbetaling av tilskot. Ta kontakt med din kommune om du har spørsmål.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Nye satsar frå 1. juli 2023

4 000 kroner per dekar og 61 kroner per løpemeter grøft