Gode klimaråd er ikkje dyre

Personar sit møterom.
Deltakarar på klimasamling i Øygarden. Foto: Norsk Landbruksrådgiving Vest.

I Øygarden samla ei gruppe sauebønder seg til klimarådgjeving. Dei fekk ny kunnskap og gode klimaråd av Norsk Landbruksrådgiving og KlimaVest.

Publisert 12.10.2023

Klimarådgjeving til bøndene er eit av tiltaka i landbruket sin klimaplan. Her går ein gjennom klimakalkulatoren og ser på konkrete tiltak for å redusere utsleppa av klimagassar frå garden. I tillegg ser ein på tiltak for å tilpasse drifta til eit endra klima.

Klimarådgjevinga kan enten gå føre seg i gruppe, som i Øygarden, eller på den einskilde garden. I begge tilfelle vert rådgjevinga gitt av godkjente klimarådgjevarar frå Norsk landbruksrådgiving og/eller Tine. Alle gardane får utarbeida sin eigen klimatiltaksplan under rådgjevinga.

Det var ein kunnskapsrik gjeng som var samla til grupperåd i Øygarden. Gode klimaråd treng ikkje vere dyre, heile deltakaravgifta vert dekka av tilskot til klimarådgjeving, som er ein del av dei regionale miljøtilskota. Statsforvaltaren deltok på samlinga og informerte om dei regionale miljøtilskota, ei pakke tilskot som er særskilt retta mot tiltak for å ta vare på miljø, klima og naturmangfald. Øygarden kommune stilte velvillig med lokale til samlinga.

Du kan lese meir om klimarådgjeving hjå:

KlimaVest, eller «Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket», er eit prosjekt som eit samla landbruk i Vestland står bak.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.