Spreieareal for husdyrgjødsel

Spreiing av husdyrgjødsel
Spreiing av husdyrgjødsel (Foto: Norsk Landbruksrådgiving)

Her finn du diverse skjema og malar for spreieareal og bruk av husdyrgjødsel.

Det er berre lov til å spreie husdyrgjødsel på godkjent spreieareal, og det må vera nok spreieareal i høve til dyretalet. Fulldyrka jord og overflatedyrka jord er automatisk godkjent som spreieareal. Dersom ein vil spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite, må kommunen godkjenne arealet på førehand.

Føretak med høg produksjon i høve til arealgrunnlaget vil ofte ha for lite spreieareal dersom ein ikkje gjer tiltak. Dette gjeld til dømes mjølkeproduksjon med mykje innkjøpt fôr, grisehald og fjørfehald.

Dersom leigejorda ligg så langt unna at ein normalt ikkje har høve til å spreie husdyrgjødsel på staden, så er dette arealet ikkje del av spreiearealet. Berre areal som i praksis blir brukt til spreiing av husdyrgjødsel og som er i produksjon kan bli godkjent som spreieareal.

Spreieareal på innmarksbeite

For å kunne spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite, må ein søkje kommunen. Areal der ein ikkje kan spreie husdyrgjødsel blir heller ikkje rekna som spreieareal. Areal som ikkje blir godkjent som spreieareal kan soleis vere til dømes inntil langs elv/vatn, under kraftliner, der det er mykje stein, der ein ikkje kjem til med spreieutstyr eller der det er for stor køyreavstand til at det blir spreidd i praksis. Under dokumenter finn du søknadsskjema om godkjenning av spreieareal.

Av beitearealet som blir godkjent for spreiing av husdyrgjødsel blir to tredelar rekna som spreieareal. Dette betyr at til dømes 10 dekar godkjent innmarksbeite kan gi eit spreieareal på 6,7 daa. Årsaka til at innmarksbeite får redusert faktor for spreieareal er at lågare produksjon og mindre næringsbehov enn på fulldyrka jord.

Spreiearealet skal tilpassast dyretalet

Føretaket skal ha 4 dekar tilgjengeleg spreieareal per gjødseldyreining (GDE). Ei mjølkeku tilsvarer 1 GDE. Under dokumenter finn du hjelpeskjema «Dyr, beiting, gjødsel og spredeareal på foretaket» med tabell for omrekning for andre dyreslag.

Fylkesmannen i Rogaland har utarbeida eit rekneark for utrekning av spreieareal.

Dersom ein ikkje har nok spreieareal, kan ein leige ledig spreieareal eller levere gjødsel til andre som har overskot av spreieareal. Mottakaren må då inkludere gjødsla i sin gjødslingsplan. Ein kan òg inngå avtale om organisert levering til mottak. All levering av gjødsel må dokumenterast.

Forbod mot husdyrgjødsel i utmark

Det er ikkje lov å spreie husdyrgjødsel i utmark, sjølv om arealet har vore innmark tidlegare. Dersom ein har behov for å kultivere opp utmark til grasbeite ved hjelp av husdyrgjødsling, kan ein søkje kommunen om dispensasjon frå dette. Ein må då lage skriftleg oversikt både over behov for beite, korleis ein skal kultivere beitet og når det skal vere ferdig innmarksbeite. Det er særs viktig å vente med eventuelle tiltak til ein har fått skriftleg svar frå kommunen, då det er strengt forbode å spreie husdyrgjødsel i utmark. Under dokumenter finn du søknadsskjema om dispensasjon.

Unngå gjødsling på artsrike areal

Artsrike areal er gjerne artsrike nettopp fordi dei aldri har blitt særleg gjødsla. Ofte vil det vera mogleg å få tilskot for å la vera å gjødsle slike areal og for å ha ei drift som tek vare på verdiane vidare, til dømes gjennom Regionalt miljøprogram.

Dersom ein likevel ønskjer å gjødsle ei artsrik slåttemark, er det krav om å gi melding til kommunen. Sidan dette er ein utvalt naturtype må ein få svar frå kommunen før ein eventuelt kan gjødsle. Gjødsling vil øydelegge den artsrike slåttemarka.

Artsrike beite er ikkje ein utvalt naturtype, men kan likevel ha artar av planter og sopp som er utrydningstruga. Areala er oftast registrert i naturbase og toler ikkje gjødsling. Som grunneigar og gardbrukar må ein kjenne til kva som er registrert for eigne areal og leigeareal.

Konsekvensar dersom du bryt regelverket

Dersom drifta ikkje er i samsvar med regelverket, kan dette gi fare for forureining. Heile eller delar av produksjonstilskotet kan bli avkorta ved brot på regelverk som gjeld gjødsling og forureining frå landbruksdrifta. I ekstra alvorlege saker vil kommunen vurdere melding til politiet, som kan gi straff i tillegg til eventuelt tvangsgebyr og avkorting i tilskot.