Inn på tunet gir arbeidstrening med nytteverdi

Khaled Alobeid har fått språk- og arbeidstrening på Gullvegen Inn på tunet-gard på Bømlo. Her har han fått bruka kompetansen sin og fått nyttig kunnskap om HMS og norsk arbeidsliv. I denne filmen får du høyra kva nytteverdi Inn på tunet kan gje for innvandrarar med fluktbakgrunn.

Publisert 07.09.2023, Sist endret 21.09.2023

I filmen møter vi Khaled Alobeid frå Syria, rådgjevar i Vestland fylkeskommune Babek Aanesen Hosami og Ingvild Engseth Lie, som er rådgjevar i vaksenopplæringa på Bømlo. Dei fortel oss kva Inn på tunet kan bety på vegen frå å vera ny i Norge til å verta ein del av arbeidslivet.

Vestland gjennomførte eit pilotprosjekt i satsinga Inn på tunet-løftet 2. Vi fekk då laga ein film om opphaldet på garden. Følg denne lenka om du vil sjå filmen. Denne danna grunnlaget for filmen vi no presenterer.

Filmen er laga i samband med avslutningskonferansen for pilotprosjektet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.