"Du skal itte trø i graset"

Slåttemark med engsmelle,vikke og rødknapp
Slåttemark med engsmelle,vikke og rødknapp (Foto: Øyvind Vatshelle)

Velkomen ut i naturen, men møt innmark og beitemark med respekt.  Skjæråsen sitt dikt er stadig like aktuelt. 

Mange finn vegen til natur og vakre naturlandskap i sommarhalvåret. Dette er bra både for kropp og sjel. Vi vil minna deg på nokre få reglar for ferdsel:

  • Bruk etablerte stiar og gå gjennom grindene. Lat att grinda og lat gjerda stå like fine.
  • Gå ikkje over dyrka mark når graset har begynt å vekse 
  • Nyt gjerne synet av dyr på beite, men ikkje forstyrr dei
  • Parker bilen der det er parkeringsplassar slik at bonden kjem fram med traktor og andre gardsmaskiner

Nyt sommaren og naturen!