Inspirasjonsseminar for erfaringskompetanse

Dato:
12. juni 2024 12.00 - 13. juni 2024 14.00
Sted:
Voss
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og KORUS Bergen
Målgruppe:
Leiarar innan rus og psykisk helse og erfaringskonsulentar i kommunane
Påmeldingsfrist:
8. mai 2024 22.00

I samarbeid med KORUS Bergen ønsker vi velkommen til inspirasjonsseminar om erfaringskompetanse. Tema for samlinga er recovery, håp, samskaping og medborgarskap.

Publisert 19.03.2024

Programmet er variert med innlegg, panelsamtaler og refleksjonsgrupper. Både fagfolk og medarbeidarar med brukarerfaring vil bidra i programmet.

Vi ønsker å invitere to tilsette frå kvar kommune i Vestland. Ein leiar innan psykisk helse og rus og ein erfaringskonsulent. Dersom kommunen ikkje har tilsett erfaringskonsulent, kan annan sentral medarbeidar delta saman med leiar.

Samlinga er frå lunsj til lunsj, og det er lagt opp til aktivitet med bålprat og musikkterapi om kvelden.  Arrangementet, inkludert ei overnatting på hotell, er gratis å delta på. Reise til og frå Voss må deltakarane dekke sjølv.

Programmet er under arbeid og vert lagt ut når det er klart.

Påmelding til KORUS Bergen: Inspirasjonsseminar for erfaringskompetanse | KORUS

Dato:
12. juni 2024 12.00 - 13. juni 2024 14.00
Sted:
Voss
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og KORUS Bergen
Målgruppe:
Leiarar innan rus og psykisk helse og erfaringskonsulentar i kommunane
Påmeldingsfrist:
8. mai 2024 22.00