Kurs for turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar

Dato:
10. april 2024 10.00 - 11. april 2024 14.00
Sted:
Quality Hotel, Sogndal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
25. mars 2024 23.59

Vi invitera turnusfysioterapuetar til kurs i offentleg helsearbeid. Føremålet med kurset er å gi ei innføring i helselovgivinga og korleis fysioterapeutar jobbar i kommunehelsetenesta. 

Publisert 31.01.2024

Det er venta at alle som har turnus i kommunale helse- og omsorgstenester våren 2024 deltek. For å delta må du melda deg på i skjemaet nedst på sida. Sjå program under «Dokument». 

Reise og overnatting

Statsforvaltaren dekker reise. Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. De får dekka reiseutgifter etter billegaste reisemåte. Dersom de reiser med eigen bil, la gjerne ein eller fleire kollega sitja på. Refundering av flyreise må de avklara med Statsforvaltaren på førehand.

Kurset startar klokka 10.00 onsdag. Me dekker derfor overnatting kvelden før, for dei som har meir enn tre timar reiseveg. Me dekker ikkje overnatting mellom kursdagane for turnusfysioterapeutar i Sogndal og Luster. Me bookar overnatting for dei som hakar av for det i påmeldingsskjema under.

Reiserekninga sender du til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i rettleiinga for reiserekning, som du finn under «Dokument.»

Personvern

Ved å melda deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at vi kan dela informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer.» 

Dato:
10. april 2024 10.00 - 11. april 2024 14.00
Sted:
Quality Hotel, Sogndal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
25. mars 2024 23.59

Kontaktpersoner

Lenker