Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet

Dato:
7. september 2023 09.00 - 15.45
Sted:
Grand hotel Terminus i Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som jobbar med kvalifiseringsprogrammet

Tema for samlinga blir blant anna religion i norsk arbeidsliv, erfaringsdeling frå Nav-kontor og når KVP-deltakar har barn med særlege behov. Samling med tilsvarande program blir arrangert på Skei i Sunnfjord 14. september slik at du kan velje kva for samling som passar best for deg å delta på.

Publisert 22.06.2023, Oppdatert 05.09.2023

Nettverkssamlingane er ein fagleg møteplass og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet. På denne samlinga blir det innlegg frå Imam Azeem, Nav Årstad og Statsforvaltaren, og vi skal ha casearbeid/erfaringsdeling i grupper.

Det er gratis å delta, men vi dekker ikkje reiseutgifter. Deltakarar som har reiseveg på tre timar eller meir, kan få dekka overnatting frå 6. til 7. september. Vi ordnar med bestilling og betaling.

Påmeldinga er bindande. Ved å melde deg på, samtykkjer du til at vi deler informasjonen du har oppgitt med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Avmelding skal skje innan 31. august. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, gir du beskjed til Cecilie Jantzen innan fristen.

Samlinga er dessverre full, ta kontakt med Cecilie Jantzen på e-post for å komme på venteliste. 

Dato:
7. september 2023 09.00 - 15.45
Sted:
Grand hotel Terminus i Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som jobbar med kvalifiseringsprogrammet