Nasjonal Inn på tunet - konferanse

Dato:
29. august 2023 12.00 - 14.00
Sted:
Digital konferanse med direktesending frå Aaraas gård i Nittedal
Arrangør:
Landbruksdirektoratet og Statsforvalteren i Oslo og Viken
Målgruppe:
Kommuneansatte innan skule, helse- og omsorg, integrering og arbeidstrening

Her får du vite korleis Inn på tunet kan bidra til å oppfylle nasjonale, regionale og kommunale mål for opplæring, velferdstenester og integrering.

Publisert 26.06.2023

Les meir og meld deg på: Landbruksdirektoratets nasjonale "Inn på tunet"-konferanse.

Konferansen oppsummerer resultata frå Inn på tunet-løftet 2. Der vart det kartlagt kva utfordringar kjøpar møter når dei skal ta i bruk Inn på tunet-tenester og korleis desse kan løysast, både praktisk og økonomisk.

Du vil få sjå og høyre erfaringar frå Inn på tunet-tilbod rundt om i landet – tilbod for brukargrupper som skuleelevar, personar med demens, flyktningar/innvandrar og menneske som trenger arbeidstrening. Det vert fortalt om verdien av eit godt samarbeid med Inn på tunet-bonden og korleis tilboda kan integrerast med eksisterande tenester.

Dato:
29. august 2023 12.00 - 14.00
Sted:
Digital konferanse med direktesending frå Aaraas gård i Nittedal
Arrangør:
Landbruksdirektoratet og Statsforvalteren i Oslo og Viken
Målgruppe:
Kommuneansatte innan skule, helse- og omsorg, integrering og arbeidstrening