Grunnkurs i økonomisk rådgjeving 21-22. mai 2019

Dato:
21. mai 2019 - 22. mai 2019
Sted:
Quality hotel Sogndal, Gravensteingata 5, 6856 Sogndal
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav-kontor med brukarkontakt og nytilsette spesialistar i Nav-kontor innan økonomisk rådgjeving (økonomisk rådgjevar/gjeldsrådgjevar)
Påmeldingsfrist:
03.05.2019 23:59:00

Økonomisk rådgjeving er ei lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova § 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret, og tilsette treng grunnleggjande kunnskap om tenesta og aktuelle tema for å kunne gi generell råd og rettleiing, og for å kunne vidareformidle personar med større problem til ein spesialist innan økonomisk rådgjeving.

Mange kan ha økonomiske problem sjølv om dei ikkje gir uttrykk for det. Difor er det viktig at tilsette i Nav har kunnskap dersom dei avdekker slike problem. Målet er at alle som har gjennomført kurset skal kunne gje økonomisk rådgjeving på eit generelt nivå.

Forkunnskap:

Dette er kurset for deg som:

  • Er statleg eller kommunalt tilsett i Nav-kontoret og har brukarkontakt.
  • Er nytilsett som spesialist innan økonomisk rådgjeving i Nav-kontoret (økonomisk rådgjevar/gjeldsrådgjevar).

Om er usikker på om du er i målgruppa, ta kontakt med Inger-Helene Søgnen eller Elisabeth Lund-Iversen - kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar".

Kva skal du sitje att med etter kurset?

  • Kjennskap til når brukar kan få tenesta økonomisk rådgjeving.
  • Auka kjennskap til rolla som økonomisk rådgjevar.
  • Kunnskap om dei ulike nivåa for rådgjevinga.
  • Kunnskap om korleis hjelpe brukar med personleg økonomi.
  • Kjennskap til heilskapleg løysing av brukar sin gjeldssituasjon.
  • Hjelpe med førespurnader til Namsmannen om utleggstrekk og utleggspant.
  • Kjennskap til pengekrav, misleghald og forelding.

Forelesarar på kurset er Daniel Bergamelli, Fylkesmannen i Trøndelag og Inger-Helene Søgnen, Fylkesmannen i Vestland. 

Påmelding, avmelding, overnatting og kostnadar

Du melder deg på via skjemaet under innan fredag 3. mai 2019 kl. 23:59. Påmeldinga er bindande. Ønskjer du å melde deg av kurset, tek du kontakt med kontaktpersonane for kurset. Avmeldingsfristen er same frist som påmeldingsfristen: fredag 3. mai 2019 kl. 23:59.

Deltakarar som ikkje melder seg av innan avmeldingsfristen, eller ikkje møter til kurset, blir belasta med dei faktiske utgiftene knytt til opphaldet (dagpakker og eventuelt overnatting og middag).

Stadfesting på plass på kurs og eventuell middag og overnatting sendast ut veka etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Kurset er gratis. Deltakarar med lang reiseveg får dekt hotellopphald frå 21-22. mai. Vi gjer merksam på at vurderinga for om ein får dekt overnatting praktiserast strengt.

For deltakarar som ønskjer det, er det mogeleg å overnatte på hotellet frå 20-21. mai. Fylkesmannen bestiller overnatting på hotellet for dei som ønskjer det, men deltakarane må sjølve dekkje overnattinga. Overnattinga kostar 1 202 kroner og betalast ved innsjekk. Fylkesmannen dekkjer ikkje denne. Fylkesmannen dekkjer ikkje reisekostnadar.

Deltakartal

Det er avgrensa tal plassar på kurset. Om det vert fleire påmeldte enn tal plassar, vil vi prioritere mellom dei påmeldte.

Om det er naudsynt å prioritere, vil vi prioritere slik:

  • Nytilsette prioriterast
  • Tilsette som har hatt grunnkurs tidlegare kan ikkje rekne med å få plass.
  • Vi prioriterer slik at vi får deltakarar frå flest mogeleg Nav-kontor. Nav-leiar/Sosialsjefar vil få beskjed om kor mange plassar Nav-kontoret kan få, og blir bedne om å prioritere mellom tilsette som er påmeldt.
  • Påmeldte som ikkje er i målgruppa (sjå over) kan ikkje rekne med å få plass.
Dato:
21. mai 2019 - 22. mai 2019
Sted:
Quality hotel Sogndal, Gravensteingata 5, 6856 Sogndal
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav-kontor med brukarkontakt og nytilsette spesialistar i Nav-kontor innan økonomisk rådgjeving (økonomisk rådgjevar/gjeldsrådgjevar)
Påmeldingsfrist:
03.05.2019 23:59:00