Bremanger med godkjent budsjett og økonomiplan

Bremanger kommune er innmeldt i Robek og Fylkesmannen har godkjent budsjett 2020 med ei låneramme på 15 mill. kroner.

Kommunestyret har vedteke eit budsjett og ein økonomiplan i balanse. Men med grunnlag i dei seinare års rekneskap, går drifta til kommunen med eit meirforbruk. Hovudutfordringa for Bremanger kommune er difor etter Fylkesmannen sitt syn, å skaffe balanse i drifta. Kommunestyret må difor prioritere og vedta tiltak som gjev balanse i drifta, og som skaffar kommunen eit handlingsrom. Dette må til for å byggje opp ein bufferkapital gjennom avsetjingar til frie fond, slik som kommunen planlegg. Arbeidet som er i gang med handlingsreglar/finansielle måltal og kommunestyrets fastsetjing og oppfølging av desse, blir eit viktig grunnlag for å skaffe eit handlingsrom og ein berekraftig økonomi for Bremanger kommune.

Investeringar i bygningar og anlegg er budsjettert med 19,9 mill. kroner. Av dette skal 13 mill. kroner finansierast med nye låneopptak. I tillegg er det budsjettert med 2 mill. kroner i tilskot til Kyrkja, som dei skal nytte til rehabilitering av kyrkjer. Dette er også finansiert med lån.

Sjå vedlagt brev til kommunen.