Ingen endring i rapporteringsreglane for tilskot til private barnehagar

Det er no bestemt at forskrifta om tildeling av tilskot til private barnehagar ikkje vert endra.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.11.2019

Det vart foreslått ei endring for paragraf 12 i forskrifta som gjekk ut på at barn med avtalt oppstart innan 15. januar skulle rapporterast inn i den digitale rapporteringsløysinga BASIL. Kunnskapsdepartementet har no bestemt at dette forslaget ikkje vert tatt til følge. 

Det vil seie at rapporteringa kun gjeld barn som har tatt i bruk barnehageplassen, eller dei som betaler foreldrebetaling, per 15. desember.

Rettleiinga i BASIL er no oppdatert.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.