Barnehageeigar sitt ansvar for tilbod til barn av personell med kritiske samfunnsfunksjonar og barn med særskilte behov

Viktig informasjon om barnehageeigar sitt ansvar.

Denne informasjonen vart lagt ut i perioden der barnehagar og skular var stengt. Du finn aktuell og oppdatert informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Vi viser til Helsedirektoratet sitt vedtak om stenging av barnehagar. Barnehageeigar har i samband med dette eit ansvar for å sikre at barn av personell med kritiske samfunnsfunksjonar og barn med særskilte omsorgsbehov får eit tilbod i barnehagen. Dette betyr at barnehageeigar må kartleggje kven dette er aktuelt for, og syte for at det er eit tilbod til desse gruppene i den barnehagen barnet går. Det vil ikkje vere aktuelt å samle barn frå ulike barnehagar i ein barnehage.

Føresette med kritisk samfunnsfunksjon eller verksemdkritisk oppgåve

Skule- og barnehageeigar har ansvar for å gje eit tilbod til barn som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver.

Av omsyn til smittevern er terskelen for å få slikt tilbod høgt. Det er to moglegheiter for å få eit tilbod:

  1. Føresette har kritisk samfunnsfunksjon
  2. Føresette har andre verksemdkritiske oppgåver (til dømes reparere teknisk utstyr på sjukehus).

For både punkt 1 og 2 gjeld desse vilkåra:

  • barnet skal vere under 12 år
  • barn som bur med to føresette der begge dei føresette har kritiske samfunnsfunksjonar og/eller andre verksemdkritiske oppgåver
  • det finnes ikkje andre moglegheiter for barnepass
  • arbeidsgjevar må på førespurnad kunne bekrefte at føresette har kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdkritiske oppgåver

Beredskapsutvalget i Helsedirektoratet vurderer at følgande 15 funksjoner er kritiske for samfunnet:

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-tryggleik i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningstryggleik
  • Vann og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apotek

Særskilte omsorgsbehov

Helsedirektoratet sine retningslinjer for stenging av skule og barnehage gjer unnatak for barn og unge med særskilte omsorgsbehov.

Kvar skule og barnehage må difor gjere konkrete og individuelle vurderingar av kven som bør få eit slikt tilbod. Moment i denne vurderinga kan vere om dei har store fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, er omfatta av hjelpetiltak og anna.

Bufdir kjem med nærare informasjon 16. mars om andre barn og unge som og kan ha særskilte omsorgsbehov.

For å hindre spreiing av smitte må kommunane ha ein restriktiv praksis.

Eigare av private barnehagar kan ta kontakt med kommunen som barnehagemyndigheit for meir informasjon og rettleiing.