Logo og designmal

Fylkesmennene har eit felles grafisk uttrykk med både logo og designelement. 

Vi har lagt ut logoane i både PNG- og SVG-format. Dei grafiske elementa, her kalla mønster, finn du i Adobe sitt AI-format. SVG- og AI-formata er egna for trykkeri.

Viss du ikkje vil laste dei ned enkeltvis, så har vi og lagt ut ZIP-filer av dei forskjellige typane.

Logoen finn du i både primær- og sekundær-utgåve. Sekundærlogoen er på to linjer, men i dei fleste tilfella vil primærlogoen vær mest egna. Skal du ha logoen på ein mørk bakgrunn, så er det den negative varianten du må bruke. Meir om bruk av logo og fargeval står i profilhandboka.