Logo og designmal

Statsforvaltarene har eit felles grafisk uttrykk med både logo og designelement. 

Publisert 01.01.2021, Sist endret 21.05.2021

Me har lagt ut logoane i både PNG- og SVG-format. Dei grafiske elementa, her kalla mønster, finn du i Adobe sitt AI-format. SVG- og AI-formata er eigna for trykkeri.

Viss du ikkje vil lasta dei ned enkeltvis, så har me også lagt ut ZIP-filer av dei forskjellige typane.

Logoen finn du i både primær- og sekundærutgåve. Sekundærlogoen er på to linjer, men i dei fleste tilfella er primærlogoen mest eigna.

Skal du ha logoen på ein mørk bakgrunn, så er det den negative varianten du må bruke. Meir om bruk av logo og fargeval står i profilhandboka.

Du finn også fleire variantar av logoen vår i mediebanken (Imageshop)