Informasjon til lyngbrennarar i Rogaland

Friviljuge lyngbrennarar dannar eit brennelag som tek i bruk moderne verkemiddel for å styrka skjøtselen av kulturlandskapet og gjera den tradisjonelle lyngheibrenninga tryggare og meir effektiv. Då trengst eit nært samarbeid med brannvesen og politi i distrikta. Eldsjelene inviterer til ein møteserie i/på Strand, Vikeså, Helleland og Gjesdal, 27-29 november.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.11.2017

I Rogaland er ein viktig biologisk og kulturell arv knytt til naturtypen kystlynghei. Sjølv om mange av heiane, særleg fuktheiane, er grasdominerte, lyser lyngen fiolett mange stader i heiane i august.

Brenning av lynghei i fleire tusen år

Kystlynghei har vore eit fast innslag i fylket vårt i fleire tusen år og har sitt opphav i tradisjonell drift ved å kombinere brenning og beite. Brenning av lyngområda vart gjort flekkvis og starta ei fornying av lyngen i dei svidde flatane. Dette var ein viktig prosess for å oppretthalde næringsverdiane til lyngen. I tillegg har den vedvarande drifta påverka naturen ved at både plantar, dyr og insekt som trivs best i opne areal fekk godt livsrom.

Den tradisjonelle drifta har vore på retrett i lengre tid, noko som fører til store endringar i landskapet. Dei openberre følgjene er at landskapet gror att slik at kystlynghei er ein sterkt trua naturtype. Då blir det mindre areal for dei artane som er tilpassa dei opne lyngheiane. Det auka presset på desse artsgruppene har vore ein av årsakene til at kystlynghei har fått ein særskild status som «Utvald naturtype».

Tilskotsordningar

Ein mindre kjent følgje er at den gamle lyngen, eineren og ungskogen som kjem i etterkant brenn svært lett. Det er til og med nemnt som ei brannbombe om det tek fyr ukontrollert. Dei siste åra har interessa for å bruka kystlyngheia auka, og nå er omlag 100 000 da kystlynghei under organisert skjøtsel etter skjøtselsplan i fylket. Dette blir støtta både av tilskotsordningar i landbruket (Regionalt miljøprogram og SMIL) og frå Miljødirektoratet og Fylkesmannen som tilskot til trua naturtypar (søknadsfrist 15. januar).

Lyngbrenning

Lyngbrenning. Foto Annlaug Fludal

 

For å betra skjøtselen og som eit tiltak mot den auka brannfaren med eldre lynghei som gror att, har friviljuge initiativtakarar på Haugalandet langt på veg skapt eit unikt samarbeid mellom lyngbrennarar, bønder, brannvesenet og politi.

På eit møte i Haugesund nyleg presenterte Ove Stumo ein lyngheibrannreserve som har både utstyr og kunnskap til å handtera lyngheibrann forsvarleg. Magnus Søyland tok initiativ til å henta desse sør for Boknafjorden der behovet for forsvarleg lyngbrenning er like stort.

Det blir møte i:

  • Strand måndag 27. november kl. 19.30 (Vaulali)
  • Vikeså tysdag 28. november kl. 10.00 (Samfunnshuset)
  • Helleland kl. 19.30 (Landbruksenteret)
  • Gjesdal onsdag 29. november kl. 19.30 (Veveriet)

Sjå annonse i frå Dalane Tidende i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Brennelag

Annonse frå Dalane Tidende: