Kystlynghei har blitt utvald naturtype

Regjeringa har vedteke at naturtypen kystlynghei får status som utvald naturtype. Dette tyder at det skal leggast auka vekt på å ta vare på naturtypen gjennom berekraftig bruk. Dette er eit særleg viktig og positivt vedtak for Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2015

Rogaland er det fylket der det er kartlagt størst areal kystlynghei. Dette heng saman med mykje husdyr som også nyttar utmarksbeite. Dessutan har brennetradisjonen halde seg i delar av fylket.

Gjengroing utan beiting

Arealet med kystlynghei har gått sterkt tilbake det siste hundreåret langs heile Atlanterhavskysten frå Portugal til Lofoten. Kystlynghei er ein sterkt trua naturtype i Noreg. Det største tapet her i landet kjem av gjengroing når beitinga tek slutt, men i Rogaland har truleg tapet vore større på grunn av oppdyrking og oppgjødsling.

Jordbruket har i hovudtrekk skapt desse viktige miljøverdiane og spelar hovudrolla i å ta vare på dei. Statusen som utvald naturtype gjer at også andre samfunnssektorar må ta omsyn til desse verdiane. 

Ognaheia i Hå er eit område for utvald kystlynghei i Rogaland.
Ognaheia i Hå, eit utvald område for kystlynghei i Rogaland. Foto: Roy Mangersnes

Gode tilskotsordningar

Dei siste ti åra har det kome i gang systematisk skjøtsel av store areal i fylket. I fjor vart  over 90 000 dekar skjøtta over tilskotsordningar i landbruket, men Klima- og miljødepartementet gir og tilskot til slik skjøtsel. Det er avgjerande for å ta vare på den nye utvalde naturtypen at jordbruksavtalen gir plass til å vidareføra dette viktige arbeidet.

Les meir om kystlynghei her. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.