Løyve til Åsevik Utvikling AS

Fylkesmannen har etter søknad gitt løyve til utfylling og mudring i sjø ved eigendom 3/2 i Strand kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.07.2018

I samband med utbygging av eit småbåtanlegg er Åsevik Utvikling AS gitt løyve til utfylling av ca. 21 200 kubmikkmeter reine sprengstein og mudring av ca. 500 kubikkmeter sjøbotnsedimenter. Det er løyve sett krav til blant anna turbiditetsovervaking av omsyn til gyteperioden for torsk, og handtering av mudringsmassene.

 Sjå løyve i vedlegget til denne nettsaka.

 Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.