Etterhandskunngjering av løyve til Veidekke Industri AS for drift av asfaltverk Søra Kalberg i Time kommune

Fylkesmannen har gitt løyve til drift av asfaltverk på eigedom 29/2 Søra Kalberg i Time kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.03.2020

Veidekke Industri AS planlegg å erstatte eksisterande asfaltverk på same lokalitet med et asfaltverk med større kapasitet. Nytt asfaltverk vil overstige grensa på 200 tonn vegmasse per time som utløyser krav om særskilt løyve etter forureiningslova.

Løyve medførar ikkje vesentlege endringar i vilkår eller auka utslepp i høve til noverande sjølvberande vilkår fastsett i forureiningsforskrifta kapittel 24.

Fylkesmannen har derfor ikkje sett det naudsynt å sende søknaden på offentleg høyring.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyve og søknad i dokumentlenkene.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.