Nytt løyve for Avinor AS avdeling Stavanger Lufthavn

Den 30. april 2018 fekk Avinor AS avdeling Stavanger Lufthavn nytt løyve i medhald av forureiningslova. Avinor har hatt løyve frå år 2000 til avising av fly og til brannøving. Løyva er nå erstatta av eit nytt løyve som også regulerer avising av rullebanar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.05.2018

Avinor driv flyplassverksemd og eig  areal, bygningar, ulike køyretøy og maskinar på flyplassområdet. Verksemda omfattar flygeleiing, drift av passasjerterminal, godsterminal, verkstader, rullebanar/takseområde, brannvern/brannøving, flyoppstillingsplassar, VA-system og avisingsanlegg. Ein del av eigedomen er leigd ut eller bygsla til verksemder knytt til flyplassverksemda. Totalt var ca. 3200 personer sysselsatt på flyplassområdet i 2014.

Snøvær og avisingsforhold (Foto: Avinor)

Ved avising av fly og rullebanar blir det nytta avisings-kjemikalie. Delar av kjemikalia blir i dag samla opp og ført til kommunalt nett, medan andre delar hamnar i ulike sjøområde. Kjemikalia blir brotne ned biologisk i vassdrag/sjø, men i denne prosessen går det med mykje oksygen. Bl.a. av denne årsak blir slike aktivitetar regulert etter forureiningslova. Det nye løyvet set krav om reduserte utslepp til Hafrsfjord og utslepp til sjø skal overvakast.

Brannøving kan føra til utslepp av generande røyk og fører til utslepp av flybensinrestar og restar av sløkkemiddel til kommunalt nett frå øvingsområda. Løyvet set grenser for utslepp og det blir kravd revurdering av tilstanden og kapasitet til oljeutskiljar.Brannøving ved Stavanger Lufthavn (Foto: Kristian Falnes Solberg/Fylkesmannen i Rogaland)

Løyvet gjeld også tema om energi, grunnforureining, sedimenter, avlaupsanlegg og avfall. Løyvet gjeld ikkje flystøy og heller ikkje den militære delen av lufthamna.

Vedtaket om å gi løyve er eit enkeltvedtak som kan klagast på innan 3 veker frå kunngjeringsdato.

Vedtaket og sjølve løyvet kan du lese i lenkene til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.