Løyve til mellombels verksemd for Lyse Neo AS i Lervig

Lyse Neo AS har fått 2017 løyve til drift av Løvetannparken energisentral og Breivikveien varmesentral i Lervig i Stavanger.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.10.2017

I medhald av § 11 i Forureiningslova av 13. mars 1981, med seinare endringar, jf. § 16, fekk Lyse Neo AS, organisasjonsnr. 982929733, (bedriftsnr. 991098534) den 24. oktober 2017 løyve til drift av Løvetannparken energisentral og Breivikveien varmesentral i Lervig i Stavanger kommune.

Sentralane forbrenn naturgass og leverer fjernvarme gjennom kvart sitt fjernvarmenett til bygningane kring Lervig. Energisentralen leverer i tillegg luftbasert kjøling. Løyvet er mellombels og gjeld til utgangen av 2020. Vedtaket om å gi løyve er eit enkeltvedtak som kan klagast på innan 3 veker frå kunngjeringsdato.

Vedtaket om å gje løyve og sjølve løyvet kan lesast ved å nytte dokumentlinken til høgre

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.