Endra løyve til Sætra leirduebane

Fylkesmannen har etter søknad frå Lund jeger- og fiskeforening endra løyvet etter forureiningslova for drift av Sætra leirduebane lokalisert på eigedomen 44/1 Sætra i Lund kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.07.2017

I nytt løyve er tillatt tid for bruk av skytebanen utvida i forhold til tidlegare løyve av 1.3.1999.

Skytebanen kan kun nyttast til skyting i perioden 1.4 – 30.9 med følgande avgrensing:

  • mandag til fredag: 3 dagar per veke
  • lørdag: 2 lørdager per månad inkludert skytestevne
  • søndag: 4 skytestevner

Årleg plan for skyteaktivitet (terminliste) skal gjerast kjent før april månad ved oppslag på anlegget og eventuelt på eigen nettside, og ved utsending til nabolag. Eventuell endring må gjerast kjent på samme måte minst to veker i førekant.

Sjølv om skytetida fell på dagar nemnt ovafor er det ikkje lov å skyte

  • frå og med skjærtorsdag til og med andre påskedag
  • 1.mai, 17.mai og Kristi himmelfartsdag
  • i helgene (lørdag og søndag) i juli måned

Det er i løyve og sett krav om kartlegging av tungmetall i grunn og vassig frå skytebanen.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå vedtak med løyve i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.