Sjølaksefiske

Her finn du oversikt over....

Sjølaksefiske med fastståande reiskap

Alle som ønsker å fiske i sjøen etter anadrome laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) med fastståande reiskap (kilenot/krokgarn) skal kvart år registrere seg hos Fylkesmannen via nettsidene «Lakseregisteret-Sjølaksefiske». Fylkesmannen sender ut fangstdagbok når registreringa er fullført. I Rogaland er det kun ope for fiske etter laks med kilenot i ordinær sesong. All fangst av sjøaure skal settast ut att. Rogaland er delt inn i tre ulike regionar med ulik fisketid.

Registrering på internett

Registrering av sjølaksefiske skal gjerast digitalt i Lakseregisteret- Sjølaksefiske: www.sjofangst.no.

Registeret er ope for registrering frå 15. mars. Navn på fiskar, fiskereiskap og fiskeplass skal registrerast kvart år.

Fristen for innmelding av fiske i ordinær sesong og utvida sesong (haustfiske) er 20. mai.

Dersom du har spørsmål om registrering av sjølaksefiske, kan du ta kontakt med Fylkesmannen i Rogaland:

Anita Bjørsvik (fmroabj@fylkesmannen.no) telefon: 51 56 89 18 eller
Stig Sandring (fmrossa@fylkesmannen.no) telefon 51 56 89 31

Fiskeplass

Fiskeplassen må registrerast på kartet i Lakseregisteret, og det er viktig at fiskeplassen er innteikna på rett stad. Ingen får godkjent registrering utan at fiskeplassen er kartfesta. Fiskeplassen er synleg på kartet på nettsidene, men ingen personinformasjon frå registeret er tilgjengeleg for andre enn dei som skal kontrollere fisket, slik som Statens naturoppsyn, Kystvakta og Politiet. Statistisk sentralbyrå får og tilgang. Miljødirektoratet er ansvarleg eigar av systemet.

Dei som fiskar i nærleiken av vassdrag med anadrome laksefisk vert spesielt bedne om å kontrollere at fiske ikkje kjem i strid med reglane i Forskrift om fredingssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland.

Merking av reiskap

Alle fastståande reiskap som er nytta til fangst av laks, skal vere merka. Dersom du tidlegare har fått tildelt fylkesregistreringsnummer, kan du bruke dette. Du kan og bruke dei tre siste talla i SSB-nummeret. Dersom du ikkje har SSB-nummer får du tildelt dette når du registrerer ditt fiske digitalt i Lakseregisteret.

Reiskap skal merkast i samsvar med § 14 i Forskrift om redskaper m.v. ved laksefiske

Betaling av fiskaravgift

Du må betale den statlege fiskaravgifta hvis du skal fiske etter laks med fastståande reiskap i sjø. Fiskaravgifta må vere betalt for å få reiskapen registrert hos Fylkesmannen. Når du registrerer ditt fiske digitalt i Lakseregisteret, kan du samtidig betale fiskaravgifta gjennom Miljødirektoratets betalingsløysing på nett. Kvittering blir da sendt til Fylkesmannen automatisk.

Fiskaravgift kan og betales via netthandel, mobilportal, via nettbank; Posten eller banken. Dersom du vel å betale fiskaravgift i nettbank, skranke i post eller i bank, må du skrive navn og reiskapsnummer på kvitteringa og sende den til Fylkesmannen i Rogaland. Merk brev/e-post med "sjølaksefiske".

Sjå Miljødirektoratet si informasjonsside om fiskaravgifta og korleis den kan betalast: Fiskaravgift

Du treng ikkje betale fiskaravgift dersom du skal fiske med faststående reiskap (kilenot/krokgarn) i utvida sesong (haustfiske etter rømt oppdrettslaks).

Stadfesting av registrert fiske

Det kan ikkje fiskast lovleg før registreringa i Lakseregisteret - Sjølaksefiske er stadfesta. Fylkesmannen sender ut fangstdagbok til alle som er registrert. Mottatt fangstdagbok er din «kvittering» og stadfesting av at registreringa av fisket er fullført. Det blir sendt ut ei eiga fangstdagbok til dei som skal fiske i utvida fiskesesong (haustfiske etter rømt oppdrettslaks).

Registrering av sjølaksefiskarar vert gjennomført av omsyn til både fangstrapportering og oppsyn. Vår registrering av fiskarar, med tildeling av registreringsnummer, må ikkje oppfattast som eit fiskeløyve. Vi tek ikkje stilling til privatrettslege forhold knytta til kven som har retten til å fiske på dei enkelte eigedomane.

Du er sjølv ansvarleg for å kontrollere om det kan fiskast på staden og gjeldande reglar.

Fiske med fastståande reiskap er knytt til grunneigarretten, og registreringsplikta gjeld både fiske på eigen grunn og fiske etter avtale med grunneigar.

Fisketid for sjølaksefiske

Fisketid for sjølaksefiske er fastsett i nasjonal forskrift om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i sjøen. I Rogaland er det kun åpna for fiske etter laks med kilenot eller lakseverp i ordinær sesong. All fangst av sjøaure skal settast ut att.

Rogaland er delt inn i tre ulike regionar med ulik fisketid;

  1. Indre Rogaland
  2. Jæren
  3. Kysten frå Stad til Stavanger

Tabellen nedanfor viser aktuelle fisketider i Rogaland for ordinær fiskesesong og utvida fiskesesong (haustfiske etter rømt oppdrettslaks) i dei tre områda.

Rogaland

Fisketid i ordinær sesong

Fisketid i utvida sesong

Region Indre Rogaland (kommunane Bokn (øst for E39), Tysvær (øst for E39), Sauda, Vindafjord, Suldal, Finnøy, Hjelmeland, Strand, Rennesøy (øst for E39), Forsand, Gjesdal, Sandnes, Stavanger).

Unntak:

  • Vindafjordsystemet (nord for ei rett linje frå   Tunganes til sydspissen av Ommundsholmen)
  • Vindafjord kommune (fjordområde nord for E134)

15.07–04.08

 

 

 

Åpnes ikkje

Åpnes ikkje

15.10–28.02

 

 

 

15.10–28.02

01.09–28.02

 

Region Jæren (kommunane Sola, Klepp, Hå,   Eigersund, Sokndal).

 

20.06–18.07

 

15.10–28.02

 

Region Kysten frå Stad til Stavanger (kommunane Haugesund, Utsira, Tysvær (ytre), Karmøy, Bokn (ytre), Kvitsøy, Rennesøy (ytre) og Randaberg).

 

15.07–29.07

Ukentleg fisketid mandag kl.18–onsdag kl.18

 

15.10–28.02

Ved å klikke på kartet under kan du sjå avgrensninga av dei tre ulike regionane for sjølaksefiske i Rogaland. I skravert område av kartet er det ikkje opna for sjølaksefiske i ordinær sesong. Områda kor det ikkje er opna for sjølaksefiske, samt fredningssoner utenfor vassdrag er og merka i kartet.

 

I ordinær fiskesesong er ukentleg fisketid mandag kl. 18.00–fredag kl. 18.00 med unntak av i region Kysten frå Stad til Stavanger kor ukentleg fisketid er mandag kl. 18.00–onsdag kl. 18.00.

I utvida fiskesesong er det tillatt å fiske alle dagar dersom ikkje anna er angitt under det enkelte område.

Reiskap

I Rogaland er det kun ope for fiske etter laks med kilenot eller lakseverp i ordinær sesong. I utvida fiskesesong (haustfiske etter rømt oppdrettsfisk) er det opna for fiske med både kilenot, lakseverp og krokgarn.

Vi ber deg kontrollere nøye at reiskap som skal nyttast i sjølaksefiske er i samsvar med Forskriften om oppgaveplikt og om redskaper som er tillatt benyttet ved fiske etter anadrome laksefisk.

Rapportering av fangst

God fangststatistikk er naudsynt i eit bærekraftig sjølaksefiske og for forvaltning av villaksen. Det er derfor viktig at fangstdagbøkene vert ført nøyaktig. Manglande fangstrapportering kan føre til at du blir utestengt frå fiske neste sesong. Fangstdagbøkene skal sendast direkte til Statistisk sentralbyrå (sjå adressa i fangstdagboka) snarest mogleg etter at fisket er avslutta, og for det ordinære fisket seinast innan 1. september.

Fangsten kan, frå og med 2018, og registrerast elektronisk i Lakseregisteret - Sjølaksefiske