Bruk av stang og handsnøre i sjø

Oppdatert 30.05.2023

Fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå båt og land er lov heile året i Rogaland, med unntak av vårfredninga i Ryfylke 1. mars - 31. april og dei særskilte reglane for fiske i elvemunning, fredningssoner og forbodssoner utanfor vassdrag. Husk å rapporter fangsten din frå stangfiske i sjø.

Vårfredning i sjø

Fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå båt og land er ikkje tillate i Ryfylkefjordane frå 1. mars til og med 30. april. Forbodet er innført av omsyn til dei svake bestandane av sjøaure i Ryfylke. Forbodet gjeld i Ryfylkefjordane innanfor ei linje mellom Tungenes og Kårstø, unntatt i Lysefjorden innanfor Lysefjordbrua og Skjoldafjorden nord for Borgøyna.

Vårfredninga er fastsett i nasjonal forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i sjøen, § 2 og kartfesta i vår kartportal Temakart Rogaland.

image8eh37.png

Sjå kart over med område omfatta av forbodet mot fiske etter laks og sjøaure i perioden 1. mars til og med 30. april. 

Forbod i 100-meterssona utanfor vassdrag

Fiske i 100-meterssona utanfor vassdrag er regulert i nasjonal forskrift om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i sjøen, § 3.

Utanfor vassdrag med bestandar av anadrome laksefisk som er omfatta av vedlegg I eller II i forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag, er alt fiske etter anadrome laksefisk og saltvannsfisk forbodet i område som strekkjer seg 100 meter frå grensa elv-sjø (elvemunning) og ut i sjøen (100-metersona).

Unntatt frå dette er fiske etter anadrome laksefisk med stang og handsnøre frå land, i den tida det er opent for fiske etter den aktuelle arten av anadrome laksefisk i vassdraget, i medhald av forskrift gitt med heimel i lakse- og innlandsfiskloven. Fiske etter saltvannsfisk tillatast på same vilkår i den tida det er opent for fiske etter anadrome laksefisk i vassdraget.

Kvotebestemmelser for det aktuelle vassdraget, fastsatt i forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag, gjelder og for fiske etter anadrome laksefisk i 100-metersona. 

I Rogland er det ikkje opna for fiske etter sjøaure i mange vassdrag av omsyn til dei svake bestandane. Dette betyr at alt fiske etter sjøaure er forbode heile året i 100–meterssona utanfor dei fleste vassdraga i fylket. Det er berre opna for fiske etter sjøaure i 100-meterssona utanfor Lyseelva, Ogna og Fuglestadåna i fiskesesongen for desse vassdraga.

Forbodssoner

I Rogaland er det innført forbodssoner utanfor tre vassdrag. Forbodssonene er fastsett i forskrift om fredningssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland og kartfesta i vår kartportal Temakart Rogaland.

Innanfor forbodssonene i Rogaland er alt fiske forbode heile året. Det er forbodssoner utanfor vassdraga Imsa, Figgjo og Sokndalselva.

Fredningssoner

I Rogaland er det innført fredningssoner utanfor ei rekkje vassdrag. Fredningssonene er fastsett i forskrift om fredningssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland og kartfesta i vår kartportal Temakart Rogaland.

Innanfor fredningssonene i Rogaland er det særskilte reglar for bruk av reiskap i perioden 15. april til 15. oktober. Dette fremgår av forskrift om fredningssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland.

Frå grensa mellom elv og sjø og ut til ein avstand på 100 meter er det lov å fiske med stang eller handsnøre etter anadrome laksefisk frå land i den tida det er ope for fiske etter laks eller sjøaure i tilhøyrande vassdrag. Her er det òg lov å fiske med stang eller handsnøre etter saltvannsfisk frå land den tida det er ope for fiske i tilhøyrande vassdrag.

Om det ikkje er opna for fiske etter sjøaure i tilhøyrande vassdrag er det heller ikkje tillat å fiske sjøaure i denne 100-meterssona. Sjå og reglane beskrive for 100-meterssona i nasjonal forskrift ovafor.

Utanfor ein avstand på 100 meter frå grensa mellom elv og sjø til yttergrensa for fredingssona er det lov å fiske med stang eller handsnøre frå land og båt etter anadrome laksefisk og saltvannsfisk heile året, med unntak av den generelle vårfredninga av sjøaure og laks i perioden 1. mars – 31. april i Ryfylke fjordane.

Forskrift om fredningssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland skal reviderast i løpet av 2023. Det vil derfor kunne bli endringar i fiskereglane for munningssonene utanfor vassdrag i 2024.

(Klikk på kartet og zoom inn til vassdraget ditt)

imageb73va.png

Reiskap

I tillegg til dei agntypane som er tillat for fiske med stang og handsnøre i ferskvatn, er det i sjøen òg tillat med anna agn, som t.d. brisling og reke.

Ved fiske frå land er det tillat å nytte ei stang eller eitt handsnøre pr. person. Det er tillat med inntil 2 agn pr. stang eller handsnøre. Ved fiske frå båt er det tillat å bruke 2 reiskap (stang eller handsnøre) pr. båt, men berre eitt agn pr. reiskap.

I Rogaland er det ikkje opna for fiske med oter etter laks og sjøaure i sjø.

Fiskeavgift

For fiske etter laks og sjøaure i sjøen med stang og handsnøre er det ikkje naudsynt å betale fiskaravgift.

Rapporter stangfiske i sjø

Alle som fisker etter laks og sjøaure skal rapportere om fangsten sin. Når du rapporterer fangsten din, bidrar du med verdifull kunnskap til forvaltning og forsking. Påliteleg kunnskap er avgjerande for arbeidet med å styrke anadrome laksefisk som ressurs. Det gir også eit viktig kunnskapsgrunnlag om fritidsfiske.

Miljødirektoratet har tilrettelagt for at du som fisker med stang eller handsnøre i sjø kan registrere fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure eller pukkellaks.

Lenke til - Rapporter stangfiske i sjø

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.