Bruk av stang og handsnøre i sjø
Fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå båt og land er lov heile året i Rogaland, unntatt i Ryfylkefjordane frå 1. mars til og med 30. april. Forbodet er innført av omsyn til dei svake bestandane av sjøaure i Ryfylke. Forbodet gjeld i Ryfylkefjordane innanfor ei linje mellom Tungenes og Kårstø, unntatt i Lysefjorden innanfor Lysefjordbrua. Der er særskilte reglar for fiske i munningssoner, fredningssoner og forbudssoner utenfor vassdrag.

Sjå kart over med område omfatta av forbodet mot fiske etter laks og sjøaure i perioden 1. mars til og med 30. april.
Munningssoner utanfor vassdrag
I den tiden det ikkje er opna for fiske etter laks eller sjøaure i et vassdrag er det ikkje tillatt å fiske anadrome laksefisk nærmere grense elv/sjø (elvemunningen) enn hundre meter. Vi har mange små sjøaurebekkar og 100- meters forbodet gjeld òg for desse. Utanfor vassdrag der det er fastsett forbodssoner og fredningssoner er det særskilte reglar for fiske.
Forbodssoner og fredningssoner
I Rogaland er det innført forbodssoner og fredningssoner utanfor et rekkje vassdrag. Forbodssonene og fredningssonene er fastsett i forskrift om fredningssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland og kartfesta i vår kartportal Temakart Rogaland.
Innanfor forbodssonene i Rogaland er alt fiske forbode heile året. Det er forbodssoner utanfor vassdraga Imsa, Figgjo og Sokndalselva.
Innanfor fredningssonene i Rogaland er det særskilte reglar for bruk av reiskap i perioden 15. april til 15. oktober. Dette fremgår av forskrift om fredningssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland.
Fisketid i fredningssoner
Det er innført fisketid i fredingssonene for fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå land og i båt. Fredningssona er berre ope for fiske etter laks og sjøaure i den tida vassdraget som renn ut i fredningssona er ope for fiske etter sjøaure. Det vil sei at dersom vassdraget er stengt for fiske etter sjøaure i forskrift, er tilhøyrande fredningssone òg stengt for fiske etter sjøaure og laks. Er det fleire vassdrag som renn ut i ei fredingssone, er det fisketida i vassdraget med strengast regulering av sjøaurefiske som òg gjeld i fredningssona.
I Rogland er det ikkje opna for fiske etter sjøaure i mange vassdrag av omsyn til dei svake bestandane. Dette betyr at alt fiske etter laks og sjøaure er forbode heile året i mange av fredningssonene i fylket (sjå tabell nedanfor).
Det er framleis lov å fiske etter saltvassfisk heile året med stang eller handsnøre frå land og båt utanfor 100 meter frå grensa mellom elv og sjø i desse fredningssonene.
Tabell 1. Oversikt over fisketid for laks og sjøaure i fredningssoner i Rogaland
Fredningssoner i sjø utanfor vassdrag |
Kommune |
Fisketid for laks og sjøaure i fredningssona |
Svensbøelva |
Tysvær |
Stengt heile året |
Kvaleelva |
Haugesund |
Stengt heile året |
Åmselva |
Vindafjord |
Stengt heile året |
Sandeidelvane |
Vindafjord |
Stengt heile året |
Vikedalselva |
Vindafjord |
Stengt heile året |
Saudaelvene |
Sauda |
Stengt heile året |
Suldalslågen |
Suldal |
Stengt heile året |
Hålandselva |
Suldal |
Stengt heile året |
Ulla |
Hjelmeland |
Stengt heile året |
Førre |
Hjelmeland |
Stengt heile året |
Vormo |
Hjelmeland |
Stengt heile året |
Hjelmelandselva |
Hjelmeland |
Stengt heile året |
Årdalsvassdraget |
Hjelmeland |
Stengt heile året |
Jørpelandselva |
Strand |
Stengt heile året |
Eianeelva |
Forsand |
Stengt heile året |
Forsandåna |
Forsand |
Stengt heile året |
Lyseelva |
|
15.6 – 20.9 |
Espedalselva |
Forsand |
Stengt heile året |
Frafjordelva |
Gjesdal |
Stengt heile året |
Dirdalselva |
Gjesdal |
Stengt heile året |
Høleåna |
Sandnes |
Stengt heile året |
Imsa |
Sandnes |
Stengt heile året |
Storåna i Sandnes |
Sandnes |
Stengt heile året |
Figgjoelva |
Klepp |
1.6 – 20.9 |
Orreelva |
Klepp |
Stengt heile året |
Håelva |
Hå |
15.6 – 20.9 |
Varhaugelvane |
Hå |
15.7 – 31.8 |
Kvassheimselva |
Hå |
15.7 – 20.9 |
Fuglestadelva |
Hå |
1.7 – 20.9 |
Ognaelva |
Hå |
1.6 – 10.9 |
Hellvikelva |
Eigersund |
Stengt heile året |
Bjerkremselva |
Eigersund |
1.6 – 20.9 |
Hellelandselva |
Eigersund |
1.7 - 20.9 |
Sokndalselva |
Sokndal |
15.6 – 20.9 |
Sira (Sireåna) |
Flekkefjord |
20.8 – 20.9 |
Sjå kart over forbodssoner og fredingssoner i Rogaland
I dei fredningssonene der det er ope for fiske etter laks og sjøaure gjeld følgjande reglar for fiske med stang og handsnøre:
Frå grensa mellom elv og sjø og ut til ein avstand på 100 meter er det lov å fiske med stang eller handsnøre etter anadrome laksefisk frå land i den tida det er ope for fiske etter sjøaure i tilhøyrande vassdrag. Her er det òg lov å fiske med stang eller handsnøre etter saltvannsfisk frå land den tida det er ope for fiske i tilhøyrande vassdrag.
Utanfor ein avstand på 100 meter frå grensa mellom elv og sjø til yttergrensa for fredingssona er det lov å fiske med stang eller handsnøre frå land og båt etter anadrome laksefisk i den tida det er ope for fiske etter sjøaure i tilhøyrande vassdrag. Her er det òg lov å fiske med stang eller handsnøre frå land og båt etter saltvannsfisk heile året.
Reiskap
I tillegg til dei agntypane som er tillatt for fiske med stang og handsnøre i ferskvatn, er det i sjøen òg tillatt med anna agn, som t.d. brisling og reke.
Ved fiske frå land er det tillatt å nytte ei stang eller eitt handsnøre pr. person. Det er tillatt med inntil 2 agn pr. stang eller handsnøre. Ved fiske frå båt er det tillatt å bruke 2 reiskap (stang eller handsnøre) pr. båt, men berre eitt agn pr. reiskap.
Fiskeavgift
For fiske etter laks og sjøaure i sjøen med stang og handsnøre er det ikkje naudsynt å betale fiskaravgift.