Tilskot innan jordbruk og skogbruk

Fylkesmannen har oppgåver knytte til forvaltning av ei rekkje tilskotsordningar innan jord- og skogbruk. Innan jordbruk er dei viktigaste ordningane produksjonstilskot, avløysartilskot og regionale miljøtilskot. Innan skogbruk er tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket blant dei største tilskotsordningane.

Det er kommunane som er førsteinstans for dei fleste tilskotsordningane. Kommunane informerer brukarane, behandlar søknader og gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruka. Fylkesmannen er koordinator og rådgivar overfor kommunane.

Fylkesmannen rettleier kommunane om tilskotsordningane og er klageinstans for kommunens vedtak. Fylkesmannen gir eventuelle dispensasjonar, og då er det Landbruksdirektoratet som er klageinstans. Fylkesmannen skal dessutan gjennomføre forvaltningskontrollar hos kommunane og føretakskontrollar på enkeltbruk. Det blir utarbeidd ein plan for denne kontrollverksemda kvart år.

Fylkesmannen forvaltar tilskot til næringsutvikling innan landbrukssektoren mellom anna med midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak (UT-midlar).

Vis meir


10.10.2018

Søknad om produksjons- og avløysartilskot 2018 – endra praktisering av søknadsfristen

Fristen for å søkje produksjons- og avløysartilskot er forlenga fram til og med 29. oktober 2018. Dette gjeld også dei som var for seint ute med søknad innan fristen 15. mars, då det i år er opna for at dei no kan levere søknad innan 29. oktober.


28.09.2018

Hugs å søka om produksjons- og avløysartilskot innan 15. oktober!

Frå og med måndag 1. oktober kan du søka om produksjons- og avløysartilskot for 2018 – del 2. Søknadsfrist er 15. oktober.


15.08.2018

Tilskot til bygging av gjødsellager i heile Rogaland også i 2018!

Utvida lagerkapasitet for husdyrgjødsel vil vere ei god investering både av omsyn til økonomi, agronomi, forureining og klima. I år er det tørke som har vore utfordringa, i fjor var det alt regnet. Klimautfordringane gir ein ekstra god grunn til å vurdere bygging av nytt gjødsellager, særleg av omsyn til det å kunne gjødsle på rett tid. Nå kan bønder i heile fylket søke tilskot til bygging av gjødsellager.


02.08.2018

Søknad om produksjonstilskot 2018 og utfordringane med tørken

På grunn av dei alvorlege konsekvensane av den langvarige tørka, har Landbruks- og matdepartementet kome med presiseringar om korleis regelverket skal praktiserast når det gjeld arealtilskot og tilskot til dyr på beite. Mellom anna er det gitt ein generell dispensasjon frå kravet om at at hovuddelen av grovfôrinntaket til dyra skal skje ved beiting.


25.04.2018

Inngrep i kulturlandskapet

Jordbruksføretak som gjer uønskte inngrep i kulturlandskapet mister retten til areal- og kulturlandskapstilskot. I omgrepet kulturlandskap høyrer både landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturhistoriske verdiar med.


22.03.2018

Karen Beate Grimstad er tilsett ved landbruksavdelinga

Mange av dykk har allereie møtt Karen Beate på landbruksavdelinga der ho har hatt eit engasjement det siste året. Ho er nå fast tilsett som seniorrådgivar på avdelinga.


14.03.2018

Hugs å søkje om produksjonstilskot innan 15. mars!

Søknadsfristen for del 1 av søknaden er 15. mars, med teljedato 1. mars. Fristen er absolutt, det er ikkje mogleg å levere søknad etter fristen.


01.03.2018

Manglande dyrevelferd gir trekk i tilskot

I kjølvatnet av Mattilsynet sitt tilsynsprosjekt for slaktegris i Rogaland har det blitt stor merksemd rundt dyrevelferd. Tilsynsrapporten avdekte behov for oppfølging frå styresmaktene. Rogaland har 30 prosent av all svineproduksjon i Noreg. Det kan forklare noko av omfanget av dyrevelferdssakene, men forsvarar det ikkje.


27.02.2018

2018 er året for fornying av fjøs med 15-30 mjølkekyr

Oppdragsbrevet om strategisk bruk av dei bedriftsretta investeringsmidlane til Innovasjon Noreg Rogaland er no sendt. Her er det særleg framheva at mjølkebruk med 15-30 kyr skal ha prioritet. Rogaland har fått 53 millionar kroner medrekna ekstra tildeling gjennom statsbudsjettet. Det er midlar til fleire i 2018 enn nokon tidlegare år. 


20.02.2018

No kjem pengane!

Denne veka blir produksjonstilskotet og avløysartilskotet for søknaden i 2017 utbetalt.


Fleire nyhende