Regionalt miljøtilskot

Alle landbruksføretak kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. I Rogaland kan dei søke frå 1. august til 15. oktober. 

13.09.2018

Vil svekke satsinga på bratt areal med over 8 millionar kroner

Forslag om ny instruks for regionalt miljøtilskot gir store konsekvensar i Rogaland. Partane i jordbruksoppgjeret 2018 var samde om å styrke satsinga på bratt areal, samstundes foreslår Landbruksdirektoratet å ta bort tilskot til bratte innmarksbeite. Endringa utgjer om lag 8,4 millionar kroner i året for bøndene i Rogaland.

09.07.2018

Søknadsmateriell for regionalt miljøtilskot i 2018

Søknadsmateriellet for Regionalt miljøprogram 2018 er klart. Frå 1. august kan landbruksføretak i Rogaland søkje tilskot til miljøtiltak på si driftseining.

23.02.2018

Regionalt miljøtilskot blir utbetalt 14. mars

Utbetalingsdatoen for regionalt miljøtilskot er flytta frå 7. mars til 14. mars. Samstundes blir tilskotsbreva tilgjengeleg i Altinn.

31.01.2018

Endelege tilskotssatsar for regionalt mijøtilskot er sett

Tilskotssatsane for regionalt miljøtilskot er no låste, og bøndene kan vente seg utbetaling 14. mars. Det var i 2017 godt samsvar mellom økonomisk ramme og søknadar, og med unnatak av tilskot til skjøtsel av bratt areal er det ingen endringar i tilskotssatsane.

19.10.2017

Frist for å søkje tilskot til drift av beitelag er 15. november

Målet med tilskot til organisert beitebruk er å leggje til rette for best mogleg bruk av utmarksbeite, redusere tap av dyr og sikre dyrevelferd gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak. Beitelaga får 20 kr i tilskot for kvart heimsanka dyr.

03.07.2017

Søknadsmateriell for regionalt miljøtilskot i 2017

Søknadsmateriellet for Regionalt miljøprogram 2017 er klart. Frå 1. august kan landbruksføretak i Rogaland søkje tilskot til miljøtiltak på si driftseining.

11.01.2017

Desse miljøtiltaka gjorde bøndene i 2016

Dei fleste som har vore på tur i Rogaland sitt kulturlandskapet, har truleg vandra innom ein sti med merking og vedlikehald betalt gjennom regionalt miljøprogram. Rogaland hadde 31,5 millionar kroner til fordeling i 2016. Då er det godt miljønytt at stadig større område med kystlynghei blir skjøtta, og at fleire bønder nyttar miljøvenleg utstyr når dei spreier husdyrgjødsel.  

07.09.2016

Frist for å søkje tilskot til drift av beitelag er 15. november

Målet med tilskot til organisert beitebruk er å leggje til rette for best mogleg bruk av utmarksbeite, redusere tap av dyr og sikre dyrevelferd gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak. Beitelaga får 20 kr i tilskot for kvart heimsanka dyr.

03.08.2016

Tid for å søkje om regionalt miljøtilskot

No er det tid for å søkje om tilskot frå Regionalt miljøprogram. Her kan landbruksføretak mellom anna søkje tilskot til skjøtsel av bratt areal, vedlikehald av ferdselsårar, kulturminne og tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing. Siste frist er 20. august.

02.08.2016

Frist for spreiing av husdyrgjødsel er utsett til 20. august

Utsettinga gjeld føretak som vil søkje tilskot frå regionalt miljøprogram til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel.