Landbruksforvaltning

Her blir det lagt ut informsjon som er retta mot kommunal landbruksforvaltning.


05.10.2018

Plenproduksjon kan ikkje vere styrande for konsesjonspris

Dette er konklusjonen i ei konsesjonssak i Sandnes. Sandnes kommune nekta konsesjon ut frå prisomsyn i ei sak der føremålet med kjøpet var plenproduksjon. Utgangspunktet for avkastningsverdi er det som er vanleg jordbruksproduksjon i området. Dette sikrar ei forsvalig prisutvikling.


14.09.2018

Lysark frå tilskotssamlinga 11. september 2018

Tilskotssamling for landbruksforvaltninga blei arrangert 11. september 2018. I høgre margen finn du lysarka frå samlinga.


10.08.2018

Møte om avlingssvikt og søknader om erstatning

Fylkesmannen inviterer tilsette i kommunal landbruksforvaltning til eit møte onsdag 15. august 2018, kl. 12.30-14.30 i Møterom 1, Statens hus, Stavanger.


21.06.2018

Tilskot til direktesal av frukt, bær og grønt

Sel du jordbær eller anna frukt, bær eller grønt direkte til kunden? Då må du hugsa å få dokumentasjon på salet dersom du skal søka om tilskot til direktesal!


23.04.2018

Vellukka gjennomført kurs i landbruksrett

Landbruksforvaltninga frå fem fylke var på kurs i landbruksjuridiske emne i Bergen førre veke. Kurset gav fordjuping i mellom anna jord-, konsesjons-, forvaltningslova og avtalerett.


10.04.2018

Nyttig dialogmøte med kommunestyret i Strand 21. mars 2018

Fylkesmannen var invitert til dialogmøte med kommunestyret i Strand knytt til arealbruk og dispensasjonar. Det er vår vurdering at møtet var nyttig for politikarar i kommunen, det var også nyttig for oss å bli utfordra på kor lista skal leggjast når det gjeld nasjonale og regionale omsyn. I dette ligg også respekten for det lokale sjølvstyret.


05.04.2018

Rune Lian og Ine Woldstad er fast tilsett ved landbruksavdelinga

Rune og Ine har etter åtte månader vikariat no tiltredd i fast stilling som rådgjevar på avdelinga. Begge skal jobbe med arealforvaltning, i hovudsak innan landbruk.


21.03.2018

Distriktspolitikken er ein viktig føresetnad i matpolitikken

Marte Gerhardsen leiar av Tankesmia Agenda er ikkje i tvil; det må bu folk der det skal produserast mat. Det er rett og slett smart.


20.03.2018

Lysarka frå landbrukpolitisk konferanse 2018

Landbrukspolitisk konferanse 2018 "jakta på den grøne diamanten" blei arrangert i Stavanger 19. mars. Her finn du lysarka frå konferansen.


13.03.2018

Oppføring av mannskapsforlegningar på landbrukseigedomar

Ulike saker har gjort oss merksame på at det er eit betydeleg press på etablering av mannskapsforlegningar på landbrukseigedomar. Dette oppstår typisk i samband med ønske om innlosjering av utanlandske arbeidstakarar som skal arbeide på garden i kortare eller lengre tid. Vi ønsker derfor å orientere om rammeverket for vurderingane kommunane skal ta etter plan- og bygningslova.


Fleire nyhende