Kommunal styring

Fylkesmannen skal kontrollere og rettleie kommunane om rettsreglar som gjeld kommunale organ. Dette gjeld både generelle og spesifikke juridiske problemstillingar og spørsmål knytte til økonomireglane. Fylkesmannen skal dessutan formidle signal frå departementa til kommunane. 


15.05.2019

Kommuneproposisjonen for 2020

Kommuneproposisjonen for 2020 blei lagt fram 14. mai. Vi har laga eit samandrag av hovudpunkta.

08.05.2019

«Beboerlyst» og samskapingshus i Stavanger

Stavanger har fått i alt kr 500 000 i 2016 og 2017 til prosjektet «Beboerlyst» der ein skal leggja til rette for betre og meir engasjerande innbyggjarmedverknad, m.a. gjennom nye digitale verktøy og eit tilpassa lokale (samskapingshus).

08.05.2019

Metodeutvikling - innovasjonsfremjande innkjøp i Stavanger kommune

Stavanger kommune fekk i 2016 kr. 450 000 til prosjektet «Metodeutvikling - innovasjonsfremmende innkjøp». Ein la vekt på innbyggjar/sluttbrukarinvolvering, opnare spesifikasjonar og leverandørdialog.

26.04.2019

Kommunestruktur i Rogaland – samling for alle kommunar

Velkommen til samling om kommunestruktur i Rogaland.

05.04.2019

Svakare driftsresultat i kommunane i 2018, men betre enn landet

Førebels KOSTRA-tal for 2018 viser at kommunane i fylket under eit hadde et driftsresultat på 3,3 % av sum driftsinntekter, mot 2,1 % for landet utan Oslo. Dette er lågare enn for 2017.

04.04.2019

Kommunestrukturen i Rogaland: Stor undersøking til alle kommunane

Det blir nå gjennomført ei brei nettbasert spørjeundersøking i alle rogalandskommunane. Dette er det første leddet i ein samarbeidsavtale me har gjort med forskingsinstituttet NORCE knytt til kommunestrukturen. 

02.04.2019

Forsand: Lovleg vedtak om folkerøysting

Fylkesmannen har motteke krav om lovlegkontroll av kommunestyret i Forsand sitt vedtak om at det skal haldast folkerøysting. Konklusjonen er at vedtaket er lovleg.

13.03.2019

Framleis lågare skattevekst enn landet

Mange kommunar melder også i år om eit godt økonomisk resultat for føregåande år, og også denne gongen er mykje av forklaringa høgare skatteinntekter enn venta. Sjølv om skatteveksten var lågare i kommunane i Rogaland enn landet får dei likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga.

04.03.2019

Kommunestruktur: Samarbeidsavtale med NORCE

Fylkesmannen i Rogaland og forskingsinstituttet NORCE har skrive under ein samarbeidsavtale om arbeid med kommunestrukturspørsmål. Første del av prosjektet er å gjennomføra ei brei undersøking i kommunane.

22.02.2019

Færre innbyggarar i 14 rogalandskommunar

Ved årsskiftet var me 475 654 innbyggarar i Rogaland. Det er om lag 2 000 fleire enn året før, men 14 kommunar hadde nedgang i folketalet i 2018, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. 

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel