Medaljar og ordenar

Kongens fortenestemedalje vart stifta av H.M. Kong Haakon VII 1. februar 1908. Medaljen blir delt ut som påskjønning for innsats av særleg samfunnsgagnleg natur.

Fortenestemedaljen blir delt ut som påskjønning for:

  • pionerinnsats eller annan spesiell innsats av særleg samfunnsgagnleg natur på område som kunst, kultur, vitskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid
  • særleg fortenestefull ulønt innsats over lengre tid i samfunnslivet, i offentlege eller private verv, i frivillige organisasjonar eller i anna samfunnsnyttig verksemd
  • særleg fortenestefullt arbeid gjennom lang tid i privat eller offentleg teneste der innsatsen har lege langt over det normale, og der vedkommande også har vist aktivt samfunnsengasjement utover arbeidsinnsatsen sin
  • ein livsinnsats som kan stå som eksempel for andre

Statuttane for tildeling av Kongens fortenestemedalje blir endra i tråd med samfunnsutviklinga. Den siste endringa vart gjort 30. mars 2012. Etter dei nye statuttane blir det lagt avgjerande vekt på at kandidatar til medaljen har gjort samfunnsnyttig innsats over lengre tid, inkludert frivillig arbeid og engasjement. Samstundes blir det ikkje lenger lagt vekt på tenestetid i 40 år eller meir.

Den siste oppdateringa av statuttane medfører også at omgrepet "Kongens fortenestemedalje i sølv" fell bort og blir erstatta av "Kongens fortenestemedalje". Kongens fortenestemedalje i gull blir berre tildelt i heilt ekstraordinære tilfelle og kan ikkje søkjast om.

St. Olavs orden

St. Olavs orden vart stifta av kong Oskar I 21. august 1847 og vart sist revidert 19. juni 2015. Ordenen blir tildelt som påskjønning for ”utmerkede fortjenester av fedrelandet og menneskeheten”.

Søknad om tildeling av Kongens fortenestemedalje og St. Olavs orden skal stilast til H.M. Kongen og sendast via Fylkesmannen i fylket der kandidaten bur.

Vis meir


30.10.2015

Tore Lærdal utnemnd til Ridder første klasse

Tore Lærdal har vore ein innovativ bedriftsleiar, og den personlege innsatsen hans har bidratt til betre helse og for barn og kvinner i utviklingsland, slår Slottet fast. Onsdag blei han heidra av Kongen.


02.10.2014

St. Olav til professor Martha Jakobsen Ulvund

Ordensinsigniene vart delt ut av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa på ei tilstelling 2. oktober 2014 på Norges Veterinærhøgskole på Sandnes.


16.09.2014

St. Olav til svilingeniør Knut Åm

På ei tilstelling i Norges Tekniske Vitenskapsakademi i Trondheim 11. september vart sivilingeniør Knut Åm utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.


28.10.2013

Tidligare forlagssjef Turid Barth Pettersen er utnemd til Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden

Grunnjevinga for utnemninga er hennar innsats for norsk kyrkje- og samfunnsliv.


03.09.2013

Kent Haglund og Magnus Winther blei heidra av Carnegies Heltefond

Dei blei lønna for redningsdåd 19. februar i år i Gjesdal. Ein mann på traktor hadde køyrt gjennom isen på eit vann i Seldalsheia.  Winther og Haglund kraup ut på isen og fekk halt mannen på land.


28.02.2013

Petroleumstilsynets direktørMagne Ognedal er utnemnd til Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden

Ordensinsigniene vart delt ut av fylkesmann Tora Aasland den 7. februar 2013 på Ledaal i Stavanger. Ognedal vart heidra for innsatsen for norsk petroleumsvirksomheit.

 


25.02.2013

Revidering av statuttane for Kongens fortenstmedalje

Krava til medaljekandidatane sin innsats er blitt strengare etter endringa i mars i fjor, og Slottet har delt ut betydeleg færre medaljar i året som gjekk.


02.10.2012

Farouk Al-Kasim er utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden

Farouk Al-Kasim er utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden